Opna hovudmenyen

Sør-Aukra er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal, frå 1837 del av Aukra formannskapsdistrikt. Namnet blei opphavleg skrive «Akerø».

1. januar 1924 blei Aukra kommune delt i Sør- og Nord-Aukra kommunar. Sør-Aukra hadde ved opprettinga 1 395 innbyggjarar.

1. januar 1965 blei Sør-Aukra kommune slått saman med Dryna og det området på Midøya som høyrde til Vatne kommune til den nye Midsund kommune. Sør-Aukra hadde ved samanslåinga 1 912 innbyggjarar.