Midøya er ei øy i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho har eit areal på 13,9 km² og om lag 400 innbyggjarar. Det høgaste punktet på øya er Bløkallen på 522 meter over havet.

Midøya
Geografi
Stad Romsdal
Koordinatar 62°40′11″N 06°37′09″E / 62.66972°N 6.61917°E / 62.66972; 6.61917

Areal 13,9 km²

Høgaste punkt Bløkallen (522 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 400 (2001)
Folketettleik 29 /km²

Øya ligg mellom Dryna i vest og Otrøya i aust. I sør ligg Midfjorden, den ytste delen av Romsdalsfjorden. På nordsida ligg Harøyfjorden. Øya har brusamband både til Dryna og til Otrøya.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.