Kyushu

(Omdirigert frå Sør-Japan)

Kyushu er den tredje største øya i Japan. Ho er den sørlegaste og vestlegaste av dei fire hovudøyane, og ein eigen region. Dei største byan på øya er Fukuoka og industribyen Kitakyushu. Nagasaki ligg også her.

Kyushu
Lokalt namn 九州, Kyūshū
Geografi
Stad Aust-Asia

Areal 42 154 km²

Høgaste punkt Kuju-san (1 788 moh.)

Administrasjon
Land Japan
Største busetnad Fukuoka

Demografi
Folketal 13 231 276 (2005)

Eit gamalt namn på Kyushu er Saikaido. Øya vert rekna som fødestaden for den japanske sivilisasjonen.

Geografi endre

Kyushu er litt mindre enn Spitsbergen og større enn Taiwan. Øya har kyst mot Aust-Kinahavet i vest og Stillehavet i aust. Ho er skild frå Honshu av Shimonosekisundet, men har både bru- og tunnelsamband med Shimonoseki på Honshu.

Øya er fjellrik og er bygd opp av eit komplisert system av vulkanske fjellkjeder. Det høgaste fjellet er Kuju (1787 moh.), medan det neste, Aso (1592 moh.), er den største aktive vulkanen i Japan.

Den sørlege delen av øya har subtropisk klima. Her kan ein dyrka sukkerrøyr, ris, kveite og te. Kyushu har òg store kolførekomstar, noko som har danna grunnlag for ei omfattande industrialisering.

 
Frå Gion-festivalen i Hita i Oita prefektur.

Administrativ inndeling endre

Kyushu er ein japansk region administrativt delt opp i åtte prefektur, sju på Kyushu og eit åttande som omfattar dei talrike Ryukyuøyene:

Kjelder endre

«Kyushu» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kyushu
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.