Sør-Khorasan

Sør-Khorasan (persisk استان خراسان جنوبی, Ostān-e Khorāsān-e Jonūbī) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg aust i landet med Birjand som provinshovudstad. Andre større byar er Ferdows, Tabas og Qaen. I 2014 vart han plassert i Region 5.[2]

Sør-Khorasan
استان خراسان جنوبی
Provins
Furg citadel Darmian County birjand iran 1.jpg
Land Flag of Iran.svg Iran
Region Region 5
Fylke 11
Hovudstad Birjand
Areal 151 913 km²
Folketal 768 898 (2016) [1]
Folketettleik 5 / km²
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)

Sør-Khorasan
32°51′55″ N 59°12′59″ E
Wikimedia Commons: South Khorasan Province

Provinsen heitte opphavleg Quhistan og inngjekk i den større Khorasan, men historisk sett har Qohistan hatt sin eigen kultur, historie, miljø og økologi.

Sør-Khorasan er ein av tre provinsar som vart skapt etter delinga av Khorasan i 2004. I starten bestod provinsen berre av Birjand fylke og somme nye fylke som vart lagt til dette (som Nehbandan, Darmian og Sarbisheh), men i dei påfølgjande åra vart alle dei nordlege og vestlege byane og territoria i det gamle Quhistan (som Qaen, Ferdows og Tabas) lagt til Sør-Khorasan.

Sør-Khorasan består i dag av 11 fylke: Birjand, Ferdows, Tabas, Qaen, Nehbandan, Darmian, Sarbisheh, Boshruyeh, Sarayan, Zirkouh og Khusf.

KjelderEndra

  1. «National census 2016». amar.org.ir. Henta 6. mars 2021. []
  2. «همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.