Sør-Trøndelag og Hedmark reinbeiteområde

Sør-Trøndelag og Hedmark reinbeiteområde er ein del av reindriftsforvaltningen i Noreg. Reinbeiteområdet har fem reinbeitedistrikt og er det sørlegaste reinbeiteområdet i landet. Reinbeiteområde er leia av eit områdestyre med medlemmer oppnemnde av Fylkestinget og Sametinget.

I Sør-Trøndelag/Hedmark er det fem reinbeitedistrikt. Dei sørlegaste har stort sett innlandsbeite heile året. I dei nordlegaste foregår flyttinga mellom barmarksbeite i kyststrøka i nord og vinterbeite omkring Femunden. Trollheimen reinbeitedistrikt ligg for seg sjølv på grensa mellom innlands- og kystklima. Her forgår flyttinga mellom sommarbeite i Trollheimen i vest til vinterbeite i Iglefjell i aust.

Sør-Trøndelag og Hedmark reinbeiteområde grensar til Nord-Trøndelag reinbeiteområde.

BakgrunnsstoffEndra