Sør-Vågsøy

tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke i Noreg

Sør-Vågsøy er ei tidlegare sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane fylke, frå 1837 del av Selje formannskapsdistrikt.

1. januar 1910 blei Sør- og Nord-Vågsøy skilt ut som eigne kommunar frå Selje. Sør-Vågsøy hadde ved delinga 1517 innbyggarar.[1]

1. juli 1921 blei garden Blesrød i Nord-Vågsøy overført til Sør-Vågsøy kommune, utan faste innbyggjarar.

1. januar 1964 blei Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy og delar av Davik og Selje kommunar slått saman til den nye Vågsøy kommune. Sør-Vågsøy hadde ved samanslåinga 3926 innbyggarar.[1]

I Sør-Vågsøy finn ein bygdene Holvik, Vågsvåg, Torskangerpoll, Færestrand og Oppedal.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Sør-Vågsøy kommune frå 1910 til 1964:

1.1.1910[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[1]
1517 2102 2436 2837 3075 3896 3926

Arkiv frå Sør-Vågsøy kommune henta frå Arkivportalen.no endre

Kommunale arkiv:

Privatarkiv

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999. s. 53-56
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Vågsøy/Sør-Vågsøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå