Opna hovudmenyen

Søraust-Svalbard naturreservat er eit naturreservat oppretta ved forskrift av 1. juni 1973 i medhald av Svalbardlova. Søraust-Svalbard naturreservat omfattar Barentsøya og Edgeøya med omliggande øyer og territorialfarvatn, med Kükenthalvøya, Ryke Yseøyane, Halvmåneøya og Tusenøyane søraust på Svalbard.

Formålet med fredinga er å ta vare på eit stort og nær urørt naturområde på land og i sjøen som mellom anna er leveområde for fugl, sjøpattedyr og isbjørn, som har eit storslege landskap og som har kulturminne frå kvalfangsttida.

Sysselmannen kan regulere all ferdsel på land og i sjøen i naturreservatet. Alle naturinngrep er forbode ved forskrift.

Lenkje til kartEndra