Søren Martens

Norsk bakar og stortingsmann

Søren Breder Martens (18. oktober 178829. april 1860) var ein norsk bakarmeister og stortingsmann frå Bergen.

Søren Martens
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. oktober 1788
Død

29. april 1860 (71 år)

Martens var son til ein bakarmeister i Bergen, og vart i 1810 sjølv bakarmeister i heimbyen. Han var valmann frå 1826 til -44, og møtte på Stortinget både i 1830, 1833 og 1842. I 1830 var han medlem i Desisjonskomiteen og både i 1830 og 1833 i komiteen om kjøpstadskatten, elles i 1833 var han med i Protokollkomiteen. På Stortinget 1842 var han medlem i Næringskomite nr 2.

Martens levde ugift og døydde i heimbyen, 71 år gammal.

Kjelder endre