Seismisk bølgje

(Omdirigert frå S-bølgje)

Ei seismisk bølgje er ei bølgje som rører seg gjennom jorda, oftast forårsaket av eit tektonisk jordskjelv, nokre gonger av ein eksplosjon. Seismiske bølgjer blir òg skapt kontinuerleg av bølgjer i havet og vind. Seismiske bølgjer vert studert av seismologar. Dei blir målte med eit instrument kalla seismograf, som tek opp avlesingane frå seismometer eller geofonar. For seismiske studium av oljereservoarer, kan hydrofonar gje ytterlegare informasjon.

P-bølge og s-bølge fra en seismograf

Bølgjetypar

endre

Det finst i hovudsak to typar seismiske bølgjer; rombølgjer og overflatebølgjer. Fleire typar eksisterer, men er mindre viktige. Rombølgjer og overflatebølgjer vert igjen delt opp i undertypar.

Rombølgjer

endre

Rombølgjer er tredimensjonale bølgjer som rører seg gjennom det indre av jorda. Rombølgjene blir delt opp i primære og sekundære. Desse blir kalla p-bølgjer (trykkbølger) og s-bølgjar (òg kalla skjerbølgjer). P-bølgjene rører seg ca 330 m/s i luft, 1450 m/s i vatn og rundt 5000 m/s i granitt, medan s-bølgjene har ein fart på rundt 60 % av p-bølgjene. S-bølgjar finst ikkje i gassar eller væsker.

Overflatebølger

endre

Overflatebølgjer rører seg i to dimensjonar; langs jordoverflaten. Desse blir delt opp i Rayleigh-bølgjer og Love-bølgjer. Rayleigh-bølgjene liknar dei bølgjene ein kan sjå på vatn. Dei går vesentleg saktare enn rombølgjene, med rundt 70 % av s-farten til bølgjene. Ved Love-bølgjer rører overflata seg på tvers av bølgjeretninga, noko som kan få overflata til å slå sprekker. Desse går fortare enn Rayleigh-bølgjene, og har rundt 90 % av s-farten til bølgjene.

Kjelder

endre