SIG P226 er eit fullstørrelse tenestevåpen produsert av Swiss Arms. Det er kamra for 9x19mm Parabellum, .40 S&W, .357 SIG, og .22LR. Det har i store trekk same design som SIG P220, men er endra for å bruka double-stack magasin med større kapasitet enn single-stack-magasinet brukt i P226. Det finst òg fleire undervariantar av P226; P228 og P229 er kompaktversjonar av P226-plattforma. SIG Sauer P226 og undervariantane er i bruk i fleire politi- og militæreiningar verda over.[1]

SIG P226-pistol

Historie endre

P226 vart utvikla for XM9 Service Pistol-utveljinga som vart halden av den USA-amerikanske hæren i 1984 på vegner av US Armed Forces. Føremålet med konkurransen var å finna ein etterfølgjar til M1911A1. Av pistolane som vart levert inn av produsentane var det berre Beretta 92F og P226 som kom gjennom testinga utan å underkjennast. Ifølgje rapportar vart Beretta vald på grunn av betre haldbarheit i pålitelegheitstesting, og ein lågare pakkepris. P226 kosta mindre per pistol enn 92F, men med magasin og reservedelar kom totalpakken dårlegare ut. Navy SEALs valde seinare å tilsidesetja avgjerda, og valde P226 som sitt tenestevåpen.

Schweizerische Industrie Gesellschaft er eit sveitsisk selskap, og opererer under strenge sveitsiske lovar for eksport av skytevåpen. På bakgrunn av dette inngjekk SIG ei avtale med den tyske våpenprodusenten J.P. Sauer & Sohn. Føremålet med avtalen var å gjera muleg ein eksportmarknad for produkta. I XM9-utvelgelsen vart P226 importert av SACO. Interarms tok over importen når pistolen vart lansert for sivil nytte. SIG-Sauer grunnla etterkvart SIGARMS, Inc. i USA for å handtera import og marknadsføring av produkta. I 2000 selde SIG Holding AG J.P. Sauer & Sohn GmbH til to tyske forretningsmenn.[2] Merkenamnet SIG Sauer følgde med J.P. Sauer & Sohn GmbH i handelen.

Utvikling endre

 
Nærbilde av kontrollar og delar: 1. Utkasterport/lås, 2. Baksiden sights, 3. Hamar, 4. Avspenningshendel, 5. Sikring, 6. Sleidestopp, 7. Avtrekker, 8. Magasinutløser.
 
A stainless steel SIG Sauer P226.

P226, i likskap med resten av SIG Classic-familien, er rekyloperert etter metoden utvikla av John Browning. Ved avfyring er sleiden og løp eit låst saman i dei første millimeterene av rørsla. Deretter vert løpet halde tilbake i bakkant. Før dette skjer har kulen forlate løpet, og trykt har vorte redusert til eit trygt nivå. Sleiden held fram rørsla bakover, og kastar ut tomhylsen. Rekylfjøra sender sleiden framover, tek med seg ein ny patron frå magasinet, og i dei siste millimeterene pressar den mot løpet i overkant. Løp og sleide er no låst til kvarandre igjen.

I staden for låsebolter og utsparinger maskinert inn i løp og sleide, som på andre Browning-baserte våpen (som Colt M1911A1, Browning Hi-Power og CZ 75), vert laupt og sleiden på P226 låst saman ved at den forstørra kammerseksjonen av løpet låser med utkasterporten på sleiden. Dette modifiserte systemet, utvikla av SIG, har ingen funksjonsmessige bakdelar samanlikna med originalen, og har sidan vorte kopiert av fleire våpenprodusentar.[3]

Før 1996 var sleiden på P226 stansa og maskinert, før fronten med løpsmansjetten vart sveist på plass. Sveisingen var så pent utført at den var omtrent umogleg å påvisa. Sluttstykket var ein maskinert innsats var nagla fast i bakkant. Etter 1996 har ein gått over til CNC-styrt maskinering, og kan no produsera heile sleiden frå eitt metallstykke. Detta gav sleiden den naudsynte styrken til å kunna bruka dei kraftigare .40 S&W- og .357SIG-patronene. Ramen på alle modellar er laga av ein anodisert aluminiumlegering. På trass av at den er designa for å vera så lettprodusert som mogleg held P226 høgaste kvalitet.

Ein standard SIG P226 har ein avspenningshendel på venstre side av ramen, over magasinutløseren. Denne funksjonen dukka først opp på Sauer 38H i åra før andre verdskrig. Ved ladegrep eller skotløysing vert hammaren automatisk spent. Hendelen gjer at ein kan avspenne hammaren på våpenet utan å lausna avtrekkssperra, som gjer at ein kan sleppa hammaren utan å risikera vådeskot. Viss våpenet vert avspent på riktig måte kan det berast trygt i hylster med ein patron i kammeret (ein populær funksjon blant utanlandske politi- og militæreiningar. Rådast til absolutt ikkje for sivile brukarar), og kan avfyrast i double-action modus ved å dra i avtrekkeren. Det er inga manuell sikring på våpenet, då all sikring er intern og automatisk. Avtrekksvekt i double-action modus er i overkant av fire kilo. Følgjande skot vert avfyrt i single-action modus med ei avtrekksvekt på i overkant av 2 kilo. I likskap med andre DÅ/SA-pistolar, som HK USP og Beretta 92F, krevjast det ein del trening for å minimera skilnaden i siktepunkt forårsaka av ulik avtrekksvekt mellom første skot og påfølgjande skot. Hammaren kan òg spennast manuelt når som helst for å la brukaren avfyra våpenet i single-action modus.

Produksjon endre

SIG skytevåpen vert produsert både i Eckernförde i Tyskland av J.P. Sauer und Sohn GmbH, og i Exeter, New Hampshire, USA av SIG Sauer Inc., tidlegare SIGARMS Inc.

Variantar endre

P226 Rail endre

P226 Rail (eller P226R) er identisk med P226 med unntak av ein tilbehøyrsskjene på undersida av ramma, rett framfor avtrekkarbøywlen. P226R-skjenen er rundare i kanten enn ein standard M1913 Picatinny rail. Dette tyder at sjølv om dei fleste Picatinny-baserte tilbehøyr passar kan det ikkje garanterast. Dette har seinare vorte standardmodellen av P226.

P226 Tactical endre

P226R med forlengte 5 " (12,70 Mal:Konverter) løp, gjenga for å kunna brukast med lyddemper.

P226 Navy endre

U.S. Navy SEALs tok SIG P226 i bruk på 80-talet.

Dei første Naval Special Warfare mil-spec P226 pistolane som vart gjort tilgjengeleg for offentligheten var NSW Commemorative samlareksemplar, selt tidleg i 2004. SIG P226-9-NAVY er ein variant av SIG P226 produsert til dei eksakte spesifikasjonane på pistolane som vart levert til Navy SEALs, inkludert ein spesiell phosphate corrosion-resistant finish på interne komponentar, kontrastsikter og ein rustfri sleide med eit inngravert anker som syboliserer at dei er Naval Special Warfare-pistolar. SIGARMS samla inn USD 100,000 til Special Operations Warrior Foundation gjennom salet av desse NSW-nummerserien. Pistolen med serienummer NSW0001 vart auksjonert bort live på radioprogrammet til Laura Ingraham for ytterlegare USD 25,000 .[4]

P226 Blackwater endre

SIG P226 Blackwater vart lansert i 2007. Den var utvikla i samarbeid med Blackwater Training Center. Den hadde SIGLITE nattsikter på front og bakende, Blackwater USA-logoen på sleiden og skjefteplatene i tre, ein integrert Picatinny-skinna, sort-anodisert ramme og Nitron-handsama sleide i rustfritt stål. Den var berre tilgjengeleg i 9x19mm Parabellum, med Double action/Single action avtrekk. Våpenet vart levert med fem 15-skot sitt 9mm-magasin. P226 Blackwater vart teke ut av produksjon i 2009 i samband med lanseringen av P226 Blackwater Tactical - ein nesten identisk pistol med 20-skot sitt 9mm magasin.[5][6] Etter skandalane rundt Blackwater, og den seinare namneendringa til selskapet, har òg Blackwater Tactical vorte teke ut av produksjon. Den vart erstatta av Tactical Operations, som i hovudsak er det same våpenet utan Blackwater-markene.

P226 SCT endre

P226 SCT (Supar Capacity Tactical) er ein heilsvart Nitron-handsama P226 med serrateringar framme på sleiden, tilbehøyrsskjene, SIGLITE nattsikte bak, TRUGLO Tritium fiberoptisk sikte framme, og fire nyutvikla 20-magasin til skot for 9mm-utgåva eller 15-magasina til skot for .40S&W-versjonen.

P228 endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er SIG P228.

P228 er ein kompakt utgåve som berre er kamra i 9 mm Luger. Pistolen vert blant anna vert brukt som tenestepistol av Sveriges politi, deler av USAs forsvar (under namnet «M11») og enkelte andre amerikanske politityrkar. Av utvendige skilnader har P228 ein rundare avtrekkerbøyle og kortare laupte, sleide og pistolgrep enn P226. Magasin for P226 passar, men er lengre og stikk ut under pistolgrepet.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Valpolini, Paolo (juni 2009). «There Are Two Types of Men in this World …» (PDF). Armada International (Online). Arkivert frå originalen (PDF) 13. mars 2016. Henta 13. februar 2010. 
  2. Sauer, arkivert frå originalen 26. februar 2012, henta 29. mars 2017 
  3. Cybershooters.org Article on the Sig Sauer P226, arkivert frå originalen 11. mars 2004, henta 29. mars 2017 
  4. Shooting Industry. 2005.
  5. «P226 Blackwater». Products and Services. Sig Sauer. Henta 21. juni 2009. 
  6. «P226 Blackwater Tactical». Products and Services. Sig Sauer. Henta 21. juni 2009. 

Bakgrunnsstoff endre