SKAAR

norsk popartist

Hilde Skaar (fødd 8. august 1998), kjend under artistnamnet SKAAR[1], er ein norsk popsongar frå Stord i Vestland fylke.[2]

SKAAR

Fødd8. august 1998 (25 år)
FødestadStord kommune
OpphavNoreg
Verka somsongar, låtskrivar

Virke endre

SKAAR debuterte på musikkscena som 18-åring, som vokalist på TRXD-låten «Wherever You Go».[3] I 2018 debuterte ho som soloartist med singelen «Higher Ground».[4] SKAAR vart nominert som årets nykommar under P3 Gull 2019, årets stjerneskot under by:Larm-festivalen 2020 og årets artist under NRJ Awards 2019.[5] I september 2020 gav ho ut debut-EP-en The Other Side of Waiting. For EP-en vart ho nominert til Spellemannprisen 2020 i klassen pop og dessutan til klassen årets gjennombrot og Gramostipend.[6] Ho gav ut albumet Waiting i 2021 og vart same år nominert til Bendiksenprisen som vert delt ut av GramArt på vegner av Kulturdepartementet.[7][8]

SKAAR har òg gjort seg merka utanfor Noreg. Mellom anna vart ho invitert av den norske kongefamilien til å bli med til Chile for representere norsk kultur.[9][10]

SKAAR har skrive og sunge originalmusikk for Netflix-serien Hjem til jul, og ho har bidrege musikalsk til filmar som Battle og Askeladden – i Soria Moria slott.[11]

SKAAR song saman med Joshua Speers på songen «Don't stop loving me» (2021).[12]

Diskografi endre

  • The Other Side of Waiting (2020)
  • Waiting (2021)

Kjelder endre

  1. «Rockeband vurderer søksmål mot Warner Music: – Det er provoserende» (på norsk bokmål). Henta 8. desember 2020. 
  2. «Warner — Brands» (på engelsk). Henta 8. desember 2020. 
  3. Rakettnatt. «SKAAR» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 23. juni 2019. Henta 8. desember 2020. 
  4. «Vestlandsartisten var klar for gjennombruddet. Da koronakrisen kom måtte hun ta en helt annen jobb.» (på norsk bokmål). Henta 8. desember 2020. 
  5. «Kan vinne 500.000 kroner under by:Larm». 27. februar 2020. Henta 12. juni 2021. 
  6. «Cezinando er nominert i fire kategoriar under Spellemannprisen 2020». 12. februar 2021. Henta 17. april 2021. 
  7. «Vel trygg, men utrolig vakker pop». 16. april 2021. Henta 12. juni 2021. 
  8. «Disse er nominert til Bendiksenprisen». 19. mai 2021. Henta 12. juni 2021. 
  9. «Mot toppen i rekordtempo» (på norsk). 9. juli 2019. Henta 8. desember 2020. 
  10. «Lyden av sommer: Hilde Skaar» (på norsk bokmål). Henta 8. desember 2020. 
  11. Junkyard. «INTERVIEW: SKAAR - «HIGHER GROUND»» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 1. desember 2020. Henta 8. desember 2020. 
  12. «Joshua Speers Shares New Single 'Don't Stop Loving Me'». Broadway World. 24. september 2021. Henta 6. januar 2022.