SPQR
SPQR er ei forkorting for Senatus Populusque Romanus, dvs. «det romerske senatet og folket».[1] Forkortinga var først ei nemning på den romerske republikken og deretter Romarriket under dei romerske keisarane. Forkortinga har seinare vore nytta som eit synonym for Roma kommune.[2][3]
Inskripsjonen på Saturntempelet på Forum Romanum (i Roma) lyder: «SENATVS POPVLVSQVE ROMANVS INCENDIO CONSVMPTVM RESTITVIT»,[a] dvs. «Senatet og det romerske folket attoppbygde dette (tempelet), etter at det vart øydelagd av eld».
Nokre gongar vert den meir humoristiske italienske forvrenginga Sono Pazzi Questi Romani, d.v.s. Dei er ikkje kloke, dei der romarane. [4] Mellom anna er dette kjend frå teikneserien om Asterix.
Merknadar
endre- ↑ Beard, Mary (2016): SPQR. A History of Ancient Rome, Profile Books, s. 16.
- ↑ «Roma Capitale - Sito Istituzionale - Home» (på italiensk). Arkivert frå originalen 18 October 2019. Henta 29. oktober 2019.
- ↑ «OGGETTO: Revoca deleghe Consigliera Nathalie Naim» (PDF) (på italiensk). S.P.Q.R. - ROMA CAPITALE - MUNICIPIO ROMA CENTRO STORICO. 2. februar 2011. Arkivert frå originalen (PDF) 29 October 2019. Henta 29. oktober 2019.
- ↑ von Hefner, Otto Titan (1861). Handbuch der theoretischen und praktischen Heraldik. Munich. s. 106.