Asterix

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå potetsorten Asterix.
Asterix
Asterix.svg
Forfattarar René Goscinny
Albert Uderzo

Jean-Yves Ferri (frå 2013)

Illustratørar Albert Uderzo
Didier Conrad (frå 2013)
Lansert29. oktober 1959
ForlagDargaud (Frankrike)

Asterix (fransk Astérix le Gaulois eller berre Astérix) er ein teikneseriefigur som har fått namn etter helten i denne serien. Serien blei skapa av René Goscinny og Albert Uderzo i 1959. Han er ein historisk inspirert eventyrserie med sterke innslag av satire og humor.

PersonarEndra

Den vesle hovudpersonen Asterix har alltid følgje av den feite bestevennen sin, Obelix. Dei to er gallarar som lever i det romersk-okkuperte Gallia (seinare Frankrike), i den einaste landsbyen som har klart å stå imot romarhæren. Dette er fordi dei har ein hemmeleg styrkedrikk som gjev dei uovervinnelege krefter. Gallarane i landsbyen er berre redde for ein einaste ting: At himmelen skal falla i hovudet på dei.

Både Asterix og Obelix, og alle landsbybuarane, er antiheltar, som står i motsetnad til mange andre teikneserieheltar. Dei er verken særleg vakre eller muskuløse. Asterix er liten av vekst medan Obelix er stor og tjukk, og alle dei mannlege gallarane er kjenneteikna av store nasar.

HandlingEndra

Venneparet Asterix og Obelix har stadig vekk eventyr der dei møter romarar og ulike andre folk frå om lag den tida. Mellom anna vitjar dei egyptarar, gotarar, britar, indarar og indianarar. Overalt kvar dei kjem dreg skaparane parallellar til vår tid, og parodierer dei ulike folkeslaga. Til dømes drikk britane varmt vatn med litt mjølk oppi fordi dei endå ikkje har teblad, medan sveitsarane er overdrivent reinslege og gjel som gaukar om nettene fordi gaukur endå ikkje er oppfunne.

VerkemiddelEndra

Ordspel, morosame namn og referansar til samtidig fransk kultur er òg ein viktig del av Asterix-opplevinga, og ein vanskeleg jobb for omsetjarar, både å forstå og vidareføra frå fransk til sitt eige språk. Her har paret som omset serien til engelsk utpeika seg. Nokre av omsetjingane deira er betre enn originalane. Dei har til dømes gjort om namnet til hunden «Idéfix», fiks idé, til «Dogmatix», som både tyder fiks idé og inneheld ordet «dog», hund.

SeriealbumEndra

Norske utgjevingar Originalutgjevingar
Nr Norsk tittel Nr Fransk tittel
1 Asterix og hans tapre gallere (1969) 1 Astérix le Gaulois (1961)
2 Asterix og Kleopatra (1969) 6 Astérix et Cleopatre (1965)
3 Asterix og vikingene (1970) 9 Astérix et le Normands (1967)
4 Tvekampen (1970) 7 Le combat des chefs (1966)
5 Asterix hos britene (1971) 8 Astérix chez les Bretons (1966)
6 Asterix i keiserens klær (1971) 10 Astérix Legionnaire (1967)
7 Romernes skrekk (1972) 11 Le bouclier arverne (1968)
8 Olympisk mester (1972) 12 Astérix aux jeux olympiques (1968)
9 Asterix og Goterne (1973) 3 Astérix et les Goths (1963)
10 Asterix og styrkedråpene (1973) 2 La serpe d'or (1962)
11 Asterix som gladiator (1973) 4 Astérix gladiateur (1964)
12 Gallia rundt (1973) 5 Le Tour de Gaule d'Astérix (1965)
13 Asterix på skattejakt (1974) 13 Astérix et le chaudron (1969)
14 Asterix i Spania (1974) 14 Astérix en Hispanie (1969)
15 Brann i rosenes leir (1975) 15 La zizanie (1970)
16 Asterix i Alpene (1975) 16 Astérix chex les Helvêtes (1970)
17 Byplanleggeren (1975) 17 Le domaine des dieux (1971)
18 Cæsars laurbær (1976) 18 Les lauriers de César (1972)
19 Spåmannen (1976) 19 Le devin (1972)
20 Asterix på Korsika (1977) 20 Astérix en Corse (1973)
21 Keiserens gave (1977) 21 Le cadeau de César (1974)
22 Asterix oppdager Amerika (1978) 22 La grande traversée (1975)
23 Obelix & Co A/S (1978) 23 Obelix et compagnie (1976)
24 Styrkeprøven (1979) 24 Astérix chez les Belges (1977)
25 Borgerkrigen (1981) 25 Le grand Fossé (1980)
26 Asterix' odyssé (1982) 26 L'Odyssée d'Astérix (1981)
27 Asterix & Sønn (1984) 27 Le Fils d'Astérix (1983)
28 Asterix og det flygende teppet (1987) 28 Astérix chez Rahàzade (1987)
29 Damenes inntogsmarsj (1991) 29 La rose et le glaive (1991)
30 Obelix på galeien (1996) 30 La galère d'Obélix (1996)
31 Asterix og Latraviata (2001) 31 Astérix et Latraviata (2001)
32 Det store himmelfallet (2005) 33 Le ciel lui tombe sur la tête (2005)
33 Gallisk skolestart (2006) 32 Astérix et la rentrée gauloise (2003)
34 Asterix og Obelix fyller år - Gullboken (2009) 34 L'anniversaire d'Astérix et Obélix - Le Livre d'or (2009)
35 Asterix hos pikterne (2013) 35 Astérix chez les Pictes (2013)
36 Cæsars papyrus (2015) 36 Le papyrus de César (2015)
37 Italia rundt på tvers (2017) 37 Astérix et la Transitalique (2017)
38 Gallerhøvdingens datter (2019) 38 La Fille de Vercingétorix (2019)