Swedish Touring Car Championship
(Omdirigert frå STCC)
Swedish Touring Car Championship (STCC) var ein svensk motorsportserie med standardbilar som vart arrangert frå 1996 til 2010. Det var inspirert av britiske BTCC og interessa som denne serien hadde blant svenske TV-sjåarar. Serien vart grunnlagt av Per-Gunnar «Peggen» Andersson.
Det har fleire gonger vore arrangert STCC-løp på norske baner, blant anna har Arctic Circle Raceway ved Storforshei i Nordland og Vålerbanen på Braskereidfoss i Hedmark vorte nytta fleire gonger. Den norske bilsportutøvaren Tommy Rustad vann STCC-meisterskapet i 2000.
STCC-meistrar
endreSesong | Førar | Bil | Team |
---|---|---|---|
2009 | Tommy Rustad | Volvo C30 | Polestar Racing |
2008 | Richard Göransson | BMW 320 | Flash engineering |
2007 | Fredrik Ekblom | BMW 320 | West Coast Racing |
2006 | Thed Björk | Audi A4 | Kristoffersson Motorsport |
2005 | Richard Göransson | BMW 320 | West Coast Racing |
2004 | Richard Göransson | BMW 320 | West Coast Racing |
2003 | Fredrik Ekblom | Audi A4 | Kristoffersson Motorsport |
2002 | Roberto Colciago | Audi A4 | Kristoffersson Motorsport |
2001 | Roberto Colciago | Audi A4 | Kristoffersson Motorsport |
2000 | Tommy Rustad | Nissan | Crawford Nissan Racing |
1999 | Mattias Ekström | Audi A4 | Kristoffersson Motorsport |
1998 | Fredrik Ekblom | BMW 320 | West Coast Racing |
1997 | Jan Nilsson | Volvo 850 | Volvo Motorsport |
1996 | Jan Nilsson | Volvo 850 | Volvo Motorsport |