Storforshei

Storforshei er ein tettstad i Rana kommune, ca. 2 mil nord for Mo. Staden har ei historie som er tett knytt opp mot gruveverksemd. Dunderland Iron Ore Company starta gruvedrift ved Storforshei i 1902, seinare har Rana gruber drive ut malm her. Malmen frå Storforshei var ei tid nytta i produksjonen til Norsk jernverk. Elles har malmen vorte skipa ut frå Mo. I dag har staden skule og butikk. Nevernes kyrkje ligg nokre kilometer lenger opp i Dunderlandsdalen. Motorsportanlegget Arctic Circle Raceway (ACR) ligg ved Storforshei.

Storforshei
tettstad
Co-op Prix Storforshei.JPG
Frå Storforshei
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rana
Areal 0,64 km²
Folketal 607 (2017)
Folketettleik 948 / km²
Postnummer 8630 STORFORSHEI
Map
Storforshei
66°24′17″ N 14°31′43″ E
Wikimedia Commons: Storforshei

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Storforshei
  Denne Nordlandartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.