Saalach er ei elv som renn gjennom Austerrike og Tyskland, og er ei av sideelvene til Salzach. Ho har sitt utspring i den søraustlege fjellsida av Staffkogel i Kitzbühleralpane. Ho renn først som ei lite elv austover gjennom skisenteret i Saalbach-Hinterglemm før ho snur nordover ved Maishofen. Ho følgjer så ein brei dal til Saalfelden, og buktar seg gjennom den smale dalen mellom Leonganger og Loferer Steinberge, og frå Steinernes Meer til Lofer. Her går elva inn i eit smalt gjel, som er kjend for elverafting, før ho kryssar grensa til Bayern i Tyskland ved Melleck. Like før ho når Bad Reichenhall, renn ho ut i Saalachsee, ei demning som er laga for vasskraftproduksjon. Saalach renn ut frå fjellområda etter ho har passert Staufeneck og inn i eit flatt skogområde kalla Saalachau. Frå Piding og nordaustover renn elva 10 km langs grensa til Austerrike før ho renn ut i elva Salzach.

Saalach
elv
Saalach nær Bad Reichenhall
Land  Austerrike,  Tyskland
Nedslagsfelt 1 043 km²
Lengd 103 km
Kjelde Kitzbühleralpane
 - høgd 2 178 moh.
Munning Salzach ved Freilassing
 - høgd 408 moh.
Kart
Saalach
47°21′40″N 12°28′18″E / 47.3611°N 12.4717°E / 47.3611; 12.4717
Wikimedia Commons: Saalach

Kjelde endre