Sabotasje er ei handling som har til føremål å svekkje eller øydeleggje ei verksemd eller struktur - til dømes militær infrastruktur. Dei som driv med slikt, er sabotørar. Somme tider vil sabotøren dølja handlinga på grunn av konsekvensane dersom handlinga vert oppdaga.

EtymologiEndra

 
Tresko av denne typen symboliserar sabotasje.

Det finst fleire hypotesar som freista forklåra kvar ordet kjem frå: At arbeidarar nytta treskorne for å sinke arbeidet (det franske ordet sabot tyder 'tresko')[1]. Ein version av historia fortel at misnøgde vevarar i Frankrike protesterte gjennom å kaste treskorne sine inn i mekanikken på automatiske vevstolar under den industrielle revolusjonen.[2] (ein annan variant av historia fortel at det var vevarar i Nederland på 1500-talet[3]). Dei fleste treskorne var laga av selje eller poppel, dei same treslaga som vart brukte i vindmøllar, automatiske vevstolar og slikt. I slike høve var det vanskeleg å påvisa sabotasjen, for det vart ofte uråd å skilja treskorestane frå resten av mekanikken når ein skulle finna årsaka til at systemet vart øydelagd.

Når ein gjer sabotasje på arbeidsplassen, er dette oftast ein medviten freistnad på å oppnå forandring i arbeidsforholda. Døme på dette kan vera å utføre arbeidet heilt etter arbeidsinstruksen sin bokstav, slik at arbeidet tek lang tid, eller lage «uhell».

Som stridshandlingEndra

I krig er sabotasje eit vanleg kampmiddel. Tungtvassaksjonen, Operasjon Company i Eydehavn, sabotasjen mot DS «Donau» og sabotasjeaksjonane mot Thamshavnbanen er kjende sabotasjeaksjonar i Noreg under andre verdskrigen.

KjelderEndra

  1. «sabotere» i Nynorskordboka.
  2. Weir, Robert E.: Workers in America: A Historical Encyclopedia, ABC-CLIO, 8. jan 2013, s. 687. 
  3. Hodson, Randy och Teresa A. Sullivan: The Social Organization of Work, s. 69.