Opna hovudmenyen

Koordinatar: 63°18′42.329″N 9°51′49.187″E

Thamshavnbanen
Norwegian electric locomotive 3 Ohma Electra.jpg
Elektrisk lokomotiv nr. 3 frå Thamshavnsbanen. Lokomotivet står no på Gløshaugen i Trondheim, med namnet Ohma Electra. Lokomotivet vart levert av British Westinghouse i 1908.
Info
Type Jernbane
System 1000 mm smalspora elektrifisert bane
Status Museumsjernbane
Utgangsstasjon Thamshavn
Endestasjon Løkken Verk
Drift
Opna 10. juli 1908
Forl. til Løkken Verk 15. august 1910
Ordinær trafikk nedl. 30. april 1963
Kistrafikk nedlagt 29. mai 1974
Gjenopna (museumstrafikk) 10. juli 1983
Eigar Salvesen & Thams
Operatør(ar) Orkla Industrimuseum
Teknisk
Køyrestraum 6600 Volt, 25 Hz
Lengde 25,3 km
Tunnelar 1

Thamshavnbanen er ein jarnbane som går frå Løkken Verk til Thamshavn i Sør-Trøndelag fylke. Jarnvegen var i drift frå 1908 til 1974. Strekninga Løkken VerkSvorkmo vart i 1983 gjenopna som museumsjarnbane og er i dag den eldste jarnbana som går på vekselstraum. I dag går det museumstog til Bårdshaug. Slik er 23 av banen sine opphavlege 25 kilometer teke vare på. Museumsbanen vert driven av Orkla Industrimuseum på Løkken Verk. I museet sitt informasjonssenter er det utstillingar om jarnbaneverksemda, og toga kan køyra direkte til og frå utstillingane.

HistorikkEndra

Banen vart bygd for å frakta malm frå gruvene på Løkken Verk, der ein vann ut koparhaldig svovelkis, og nordover ned Orkladalføret til Orkdalsfjorden. Då banen vart opna i 1908, var det den første elektrisk drivne jarnvegen i Noreg. Chr. Salvesen & Chr. Thams's Communications Aktieselskab stod då for drifta. Endestasjonen Thamshavn er no del av Orkanger. Linja ligg i Meldal og Orkdal kommunar. Person- og godstrafikken vart nedlagd i 1963, medan kistoga rulla fram til 1974 Thamshavnbanen er den einaste jarnbana i Noreg som er bygd med 1 000 mm sporvidde, «Meterspor». Dei tre første lokomotiva var mellom dei aller første brukbare lokomotiva i verda for bruk med einfasa vekselstraum. Seinare har einfasa vekselstraum nesten vorte einerådande på elektriske jarbanar. Køyrestraumen med ein frekvens på 25Hz og ei spenning på 6600 V vart transformert ned til mellom 270 til 500 volt. I tillegg kom 110 volt til togvarme og luftkompressoren. Lokomotiva hadde trykkluftbremser frå Westinghouse, og kunne dra togsett på opp til 50 tonn.

LinjekartEndra

 
Orkanger stasjon.
Foto: Anders Beer Wilse (1927)
 
Bårdshaug stasjon.
Foto: Anders Beer Wilse (1912)
 
Løkken stasjon.
Foto: Anders Beer Wilse (1927)

Forklaring til årstal i linjekart[1].

Teiknforklaring
  Thamshavn DS «Orkla» (1908 - 1949) / MB «Elna» (1949 - 1963)
  0 km Thamshavn Utskiping og smelteverk, industrianlegg
  0,15 km Thamshavn (1908 - 1963) 2,8 moh.
    Thamshavn, øvre plan Sidespor, industrianlegg
  Sporet er i si heilheit fjerna hit.
  1,03 km Orkanger (1908 - 1963) 14,6 moh.
  Orkanger Trondheimsvegen
  2,04 km Hov (1919 - 1940/45, 1946 - 1963) 16,0 moh.
  Bårdshaug Hovsbakkveien
  Bårdshaug Rv710
  Sporet er delvis fjerna hit.
  3,14 km Bårdshaug (1908 - 1963), 2001 - 11,58 moh.
  3,25 km Bårdshaug Sjukehusvegen
  Myra Myra
  4,41 km Gymnaset (1927 - 1963) 6,4 moh.
  4,41 km Gymnaset Orkdalsvegen
  4,41 km Gymnaset (? m)
  4,95 km Follo (1908 - 1963) 6,9 moh.
  «Chicago» E39, nybygd 2000-01
  5,79 km Fannremsmoen Johann Gjønnes' veg
  5,79 km Fannremsmoen (1947 - 1963) 8,3 moh.
  6,83 km Fannrem (1908 - 1963), 1990 - 15,70 moh.
  6,95 km Fannrem Orkdalsvegen, Fv470
  Grøtte (? m) gangveg, tidl. bilveg
  Grøtte Gryttingvegen, Fv471
    Grustaket Sidespor, grusuttak. Sporet er fjerna.
  Grustaket lagt på 1990-talet
  Engbrua tidl. vegbru over banen, plo. frå 1980/90-tal
  Prestmoen
  Blåsmoen Vel
  9,43 km Blåsmo (1939 - 1963) 14,9 moh.
  9,43 km Blåsmo Gryttingvegen, Fv471
  10,19 km Ekli (1927 - 1939) 15,7 moh.
  12,76 km Solbusøy (1908 - 1963), 1986 - , tidlegare stasjon 21,02 moh.
  14,41 km Øyum (1927 - 1963) 22,5 moh.
  Øyum (? m)
  Øyum Sør 1990-talet - 2007
  Svorka (? m) Kraftverksutløp, nybygd 1983
  Svorka (16 m) Kanallaup 52,39 moh.
  19,35 km Svorkmo (1908 - 1963), 1983 - 54,96 moh.
  19,55 km Plassen (? m) Fv475, ombygd 2001-2002
  Klinglia
  Klinglia Trolldalen (? m) Steinkvelvsbru
  21,10 km Klinglia (151 m) bygd 1944-45
  21,12 km Klinghåmmår'n frå 1983
  22,15 km Grense: Orkdal kommune og Meldal kommune
  22,28 km Skjøtskift (1918 - 1921, 1926 - 1963) 141,1 moh.
  22,28 km Skjøtskift Skulmoveien
  Amundmoen Jordhusmoen
  23,95 km Jordhusmoen (1936 - 1963) 152,3 moh.
    Jordhusmoen Sidespor, vognhall, nybygd 1994 152,3 moh.
  Raubekken (11 m)
  Furulund Romundstadbygda
  «Undergangen» (? m) Langenglia
  25,15 km Løkken Verk (1910 - 1963), 1983 - 163,96 moh.
  Sporet er i si heilheit fjern herfrå.
  Løkken Verk (? m) Rv700, brua riven 1984
  25,30 km Løkken Verk Kissilo, industrianlegg

FotnotarEndra

  1. Alle årstal i parentes bak stasjonar og haldeplassar viser til opphavleg drift før museumsbaneperioden. Tal utanfor parentes viser til endringar med omsyn til stasjonar, haldeplasser, planovergangar m.m. som har skjedd etter 1983. Alle originale haldeplassar vert også nytta av museumsbanen, sjølv om desse ikkje er oppgjevne med årstal 1983 eller seinare.

BakgrunnsstoffEndra