Sabzevar fylke
Sabzevar fylke (persisk شهرستان سبزوار) er eit fylke i Razavi-Khorasan i Iran. Det administrative senteret i fylket er Sabzevar. I folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i fylket (inkludert delane av fylket som var skild ut for å danne Joghatai fylke, Jowayin fylke, Khoshab fylke og Davarzan fylke) 429 187; og utanom desse delane som seinare vart fråskild var folketalet 273 898.[1] Fylket har dei fire distrikta Sentral-distriktet, Davarzan-distriktet, Rud Ab-distriktet og Sheshtomad-distriktet. Fylket har dei fire byane Sabzevar, Davarzan, Rud Ab og Sheshtomad.
Sabzevar fylke | |||
شهرستان سبزوار | |||
fylke | |||
Yahya-monumentet i Sabzevar
| |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Provins | Razavi-Khorasan | ||
Adm. senter | Sabzevar | ||
Folketal | 273 898 (2006) | ||
Tidssone | IRST (UTC+3:30) | ||
• Sommartid | IRDT (UTC+4:30) | ||
Sabzevar fylke 36°12′00″N 57°35′00″E / 36.2°N 57.583333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Sabzevar County |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sabzevar County» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- اطلس گیتاشناسی استانهای ایران [Atlas Gitashenasi Ostanhai Iran] (Gitashenasi Province Atlas of Iran Arkivert 2007-05-22 ved Wayback Machine.)
- ↑ «Census of the Islamic Republic of Iran, 1385 (2006)». Iran. Arkivert frå originalen (Excel) 11. november 2011.