Safia Abdi Haase (fødd 1959) er ein norsk-somalisk sjukepleiar som er kjend for arbeidet sitt mot kjønnslemlesting. Kongen utnemnde i 2014 Haase til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for arbeidet sitt til beste for levevilkåra til kvinner og barn.

Safia Abdi Haase
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1959 (65 år)
Mogadishu
Yrke sjukepleiar, politikar

Haase kom til Noreg frå Somalia som kvoteflyktning i 1992, som aleinemor med tre døtrer og utan utdanning. Ho har mellom mykje anna vore med på å utforma Regjeringa sin Handlingsplan mot kjønnslemlestelse, og har sete i det nasjonale utvalet KIM som arbeider med strategiar for å kjempa mot rasisme og fremje aksept og forståing mellom kulturar.

I 2002 kom dokumentarfilmen Safia og døtrene hennar.

Ho fekk i 2011 ein pris frå Unni og Jon Dørsjøs minnefond for det kontaktskapande arbeidet sitt mellom somaliarar og nordmenn, og for at ho er ein viktig rollemodell for innvandrarkvinner i Noreg.[1]

I 2007 fekk Safia Abdi Haase Blanche Majors Forsoningspris for engasjementet sitt for pluralisme og inkluderande politikk.[2] Ho har sett fokus på ukultur både i norsk offentleg forvaltning og i ulike innvandringsmiljø. Prisen blir delt ut av Aktive Fredsreiser kvart år og går til personar eller organisasjonar som på ulike plan engasjerer seg i forsoning og forsoningsprosesser. Prisen peikar på viktigheita av forsoningsarbeidet som eit ledd i fredsskapande arbeid, særleg i forhold til partar som er, eller har vore, i konflikt.

I 2014 vart ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og i 2016 mottok ho Amnestyprisen.[3]

Kjelder

endre
  1. «Tente på omskjæring - får pris», artikkel fra Aftenposten, 19. oktober 2011
  2. «Blanche Majors Forsoning», fra nettsidene til Aktive Fredsreiser
  3. «Safia Abdi Haase får Amnestyprisen». Amnesty International Norge. 1. november 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre