Safonovo (russisk Сафо́ново) er ein by i Smolensk oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Vopets, ei sideelv til Dnepr, 90 km nordaust for Smolensk.

Safonovo
Сафоново
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Safonovo is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt [[{{{føderasjonssubjekt}}}]]
Først nemnd i
Bystatus
1859
1952
Geografi
Flatevidd
 - By

29,58 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

44 600
  1 507,8 /km²
Koordinatar 55°06′N 33°15′E / 55.100°N 33.250°E / 55.100; 33.250
Høgd over havet 213 moh.
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 48142
Bilnummer 67
Nettstad: admin.smolensk.ru/~safon

Historie endre

 
Leningata i Safonovo

Landsbyen Safonovo vart første gong nemnd i 1859. Staden utvikla seg som ein arbeiderbusetnad ved MoskvaMinsk-jernbanen. På 1930-talet vart det oppdaga store reservar med brunkol i området og ei gruve vart opna. I 1938 fekk landsbyen status som urbanliknande busetnad og han fekk bystatus i 1952.

Økonomi og næringsliv endre

I byen finst kjemisk industri og verksemder innan maskinbygging, elektroteknikk og materialteknologi.

Av dei største verksemdene er Safonovo Fabrikk for Elektriske Maskiner (russisk: Сафоновский электромашиностроительный завод) — ein produsent av kraftige (30 til 2000 kW) elektromotorar og generatorar og PO Avangard — ein viktig produsent av produkt laga av karbonfiber- og glassfiber-armert plast.

Bakgrunnsstoff endre