Kfar Hoshen

(Omdirigert frå Safsufa)

Kfar Hoshen (כפר חושן), tidlegare kalla Safsufa (ספסופה), er ein moshav kring 4 km nord for Meron nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune. Moshaven ligg på landområdet til den tidlegare palestinske landsbyen Safsaf, då innbyggjarane der flykta til Libanon etter Safsaf-massakren i oktober 1948, under den arabisk-israelske krigen 1948.[1][2]

Kfar Hoshen
moshav
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°0′44.39″N 35°26′29.36″E / 33.0123306°N 35.4414889°E / 33.0123306; 35.4414889
Areal 3 762 km²
Folketal 714 (2015)
Kart
Kfar Hoshen
33°00′44″N 35°26′29″E / 33.012330555556°N 35.441488888889°E / 33.012330555556; 35.441488888889
Kart som viser Kfar Hoshen.
Kart som viser Kfar Hoshen.
Kart som viser Kfar Hoshen.
Wikimedia Commons: Kfar hoshen

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar til Israel frå Bulgaria og med støtte av moshavar-rørsla. Folkesetnaden vart byta ut i tidlege år av immigrantar frå Jemen, og frå 1953 av immigrantar frå Marokko og Tunisia.

Kjelder

endre
  1. Morris, 2004, p. XXI, Settlement #49, established January 1949.
  2. Khalidi, p. 491