Sahra Hausmann (fødd 6. februar 1973) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo. Perioden 1996-99 vann ho både gull- og sølvmedaljar i såvel VM som EM i handball. Ho vann elles to europeiske cupturneringar med Bækkelaget SK.

Sahra Hausmann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. februar 1973 (51 år)
Oslo
Yrke handballspelar

Kantspelaren Hausmann spelte på Bækkelagets Sportsklub gjennom heile 1990-talet. Saman med spelarar som Cecilie Leganger og danske Anja Andersen var ho med å vinne cupvinnarcupen både i 1998 og 1999.

Hausmann fekk sin landslagsdebut i 1993. Ho måtte vente til Sommar-OL 1996 i Atlanta før ho fekk sin meisterskapsdebut, men sat på tribunen då Noreg tapte bronsefinalen. Same hausten vann ho ein sølvmedalje med Noreg under EM i handball 1996, ein medalje av same valør fekk ho også i handball-VM 1997, ved begge desse høva gjekk dei danske handballkvinnene sigrande ut av meisterskapen. Derimot lukkast ho og Noregs lag å verte europameister i 1998 og deretter vinne handball-VM 1999 på heimebane. Under sjølve VM-finalen 1999 på Lillehammer var Hausmann atter plassert på tribunen. Ho spelte sin 90. og siste landskamp i 2000, i alt skåra ho 193 landslagsmål.

Merittar endre

Kjelder endre