Saif Saaeed Shaheen

Saif Saaeed Shaheen, opphavleg Stephen Cherono, (fødd 15. oktober 1982) er ein kenyansk tidlegare friidrett]sutøvar som representerte Qatar frå 2003. Han vart verdsmeister på 3 000 meter hinder i 2003 og 2005. Frå 2004 er han, med tida 7.53,63, verdsrekordhaldar i 3 000 meter hinder.

Saif Saaeed Shaheen


Statsborgarskap Qatar, Kenya
Fødd 15. oktober 1982 (41 år)
Keiyo District
Idrett friidrett

Aktiv endre

Cherono/Shaheen er ein av fleire, opphavleg afrikanske, løparar som sidan 2002 har hatt suksess under framandt flagg. Enno kenyanar sette han i 2001 junior-verdsrekord på 3 000 meter hinder med fabelaktige 7.58,6. I juli 2002 vann han øvinga då samveldeleikane vart avvikla i Manchester i England, framom den kenyanske landsmannen Ezekiel Kemboi.

12. juni 2003 sette Shaheen livsbeste på 5 000 meter i Ostrava med tida 12.48,8 ei topptid på distansen. Under verdsmeisterskapen 2003 slo han sin tidlegare landsmann Kemboi i spurten på 3 000 m hinder og sikra Qatar gull. Shaheen fekk ikkje delta i Sommar-OL 2004. Berre vel ei veke etter sommarleikane, den 3. september i Brussel, sette han ny verdsrekord på 3 000 meter hinder då han sprang i mål i einsam majestet på 7.53,63, ei tid som i 2022 framleis er gjeldande verdsrekord. I Friidretts-VM 2005 forsvarte han VM-tittelen i øvinga og viste atter Kemboi til sølvplass. Frå 2006 var Shaheen plaga med skadar og slutta med hinderløping.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 2003 i Paris: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.04,3, framom Ezekiel Kemboi (8.05,1)
  • VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.13,3, framom Ezekiel Kemboi (8.14,9)
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa på 5 000 m (13.26,3=nr 17)

Kjelder endre