Saint-Germain-en-Laye

Saint-Germain-en-Laye er ein kommune i dei vestlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 19,1 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Yvelines.

Saint-Germain-en-Laye
Château de Saint-Germain-en-Laye i sentrum av byen
Château de Saint-Germain-en-Laye i sentrum av byen
Château de Saint-Germain-en-Laye i sentrum av byen
Byvåpenet til Saint-Germain-en-Laye
Byvåpenet til Saint-Germain-en-Laye
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Yvelines
Grunnlagd 1020
Geografi
Flatevidd 51,94 km²
Flatevidd
 - By

48,27 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

41 100
  851/km²
Koordinatar 48°54′N 02°05′E / 48.900°N 2.083°E / 48.900; 2.083
Høgd over havet 78 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 78100
Heimeside: www.ville-st-germain-en-laye.fr

Fordi han inneheld Saint-Germain-en-Laye-skogen, ein nasjonalskog, dekkjer han om lag 48 km², og er dermed den største kommunen i Yvelines.

Historie endre

Saint-Germain-en-Laye vart grunnlagd i 1020 då Kong Robert II av Frankrike (regjerte 996-1031) grunnla eit nonnekloster ved sida av kyrkja av Saint-Germain.

Fram til den franske revolusjonen i 1789 hadde byen vore ein kongeleg by og Château de Saint-Germain var residens for fleire franske monarkar. Det gamle slottet vart bygd i 1348 av Kong Karl V på grunnmuren til eit gamal slott (château-fort) frå 1238. I 1862 oppretta Napoleon III Musée des Antiquités Nationales i det tidlegare kongelege slottet. Museumet har utstillingar frå steinalderen til den keltiske perioden. «Dame de Brassempouy» laga av støttanna til ein mammut for rundt 23 000 år sidan er den mest kjende gjenstanden i museumet.

Louis XIV var fødd i slottet. Louis XIV gav slottet til Kong James II då han reiste i eksil frå England etter den ærerike revolusjonen i 1688. Kong James budde i slottet i 13 år, og dotter hans Marie-Louise Stuart vart fødd her i 1692. Kong James Stuart er gravlagd ved kyrkja i Saint-Germain.

Saint-Germain-en-Laye er kjend for den 2,4 km lang steinterrasen bygd av André Le Nôtre frå 1669 til 1673. Terrasen gjev utsyn over dalen og Seinen, og Paris i horisonten.

Under den franske revolusjonen vart namnet på byen mellombels endra til Montagne-du-Bon-Air.

Under okkupasjonen frå 1940 til 1944 var byen hovudkvarter for den tyske hæren.

 
Kyrkja i Saint-Germain.

Bakgrunnsstoff endre