Ludvig XIV av Frankrike

(Omdirigert frå Louis XIV av Frankrike)

Ludvig XIV (fransk Louis XIV), kalla «Solkongen», (5. september 16381. september 1715) var konge av Frankrike frå 14. mai 1643 til 1. september 1715.

Ludvig XIV av Frankrike
Louis XIV of France.jpg
Ludvig XIV, måla av Hyacinthe Rigaud (1701)
Konge av Frankrike
Regjeringstid1643-1715
Fødd5. september 1638
FødestadChâteau de Saint-Germain-en-Laye
Død1. september 1715
DødsstadSlottet i Versailles
GravstadKlosterkyrkja Saint-Denis
FøregangarLudvig XIII
EtterfølgjarLudvig XV
Gift medMaria Theresia av Spania, Françoise d'Aubigné, marquise de Maintenon
DynastiHouse of Bourbon in France
FarLudvig XIII av Frankrike
MorAnna av Austerrike
BornLudvig, dauphin av Frankrike, Marie-Thérèse, Philippe Charles, hertug av Anjou, Anne-Élisabeth av Frankrike, Marie Anne av France, Louis François d'Anjou, Françoise-Marie de Bourbon, Louise Françoise av Bourbon, Louis Auguste de Bourbon, duc du Maine, Louis, Count of Vermandois, Louis César, greve av Vexin, Louise Marie Anne av Bourbon, Marie Anne av Bourbon, Louise de Maisonblanche, Charles de La Baume Le Blanc, Philippe de Bourbon, unknown son Bourbon, unknown son (?), Louis de Bourbon, unknown daughter de Bourbon, Louis Alexandre de Bourbon

Ludvig vart fødd i den franske byen Saint-Germain-en-Laye. Han var eldste son av kong Ludvig XIII og prinsesse Anna av Austerrike. I 1643 vart Ludvig XIV konge berre fem år gamal. Ein minister styrte landet til han sjølv var gamal nok. Ludvig er mest kjend for slottet i Versailles, som han lét byggja ut i stor stil. Slottet er eit døme på barokk stil, den leiande stilarten i Europa på denne tida.

Ludvig gifta seg med Maria Theresia av Austerrike (1638-1683) den 9. juni 1660, saman fekk dei 6 barn. Berre eitt av desse vart vaksen, tronarvingen Ludvig, Le Grand Dauphin. I tillegg til Maria Theresia hadde kongen fleire elskarinner, av desse er Madame de Montespan den mest kjende.

Etterfylgjaren, Ludvig XV av Frankrike, var oldebarn av Ludvig XIV.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.