Saint-Barthélemy
(Omdirigert frå Saint Barthélemy)
Saint-Barthélemy (ofte kalla Saint-Barth eller St. Barts) er ei øy i Karibia og eit fransk oversjøisk område. Fram til 15. juli 2007 vart øya administrert som del av det franske oversjøiske området Guadeloupe, men vart då eit eige territorium. Øya er kjend som eit eksklusivt reisemål for rike turistar.
Saint-Barthélemy | |||
øy | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Del av | Dei små Antillane, Leewardøyane, Karibia | ||
Hovudstad | Gustavia | ||
Areal | 24 km² | ||
Folketal | 10 124 (2018)[1] | ||
Språk | fransk | ||
Tidssone | UTC -4 | ||
Retningsnummer | +590 | ||
Domene | .bl (ikkje i bruk), .fr | ||
Saint-Barthélemy 17°53′52″N 62°50′03″W / 17.897728°N 62.8342438°W | |||
Kart som viser Saint-Barthélemy.
| |||
Wikimedia Commons: Saint-Barthélemy |
Saint-Barthélemy vart først kravd av Frankrike i 1648, men i 1784 selde franskmennene øya til Sverige. Øya var svensk område fram til 1878, då Frankrike kjøpte ho tilbake.