Saints Row er eit action-eventyrspel utvikla av Volition, Inc. og utgjeve av THQ. Det er det fyrste spelet i Saints Row-serien og er etterfylgt av Saints Row 2. Saints Row vart gjeve ut i Nord-Amerika 29. august og i PAL-regionane 1. september 2006 på Xbox 360. Ein port til PlayStation 3 var planlagt, men vart kansellert etter ein lang periode under utvikling. Spelet fekk god mottaking frå kritikarar og selde vel over 2 millionar eksemplar,[1] som førte til utviklinga av oppfylgjaren.

Saints Row
Utviklar(ar)Volition, Inc.
Utgjevar(ar)THQ
Produsent(ar)Jacques Hennequet
SpelmotorHavok
Plattform(er)Xbox 360
UtgjevingNA: 29. august 2006
EU: 1. september 2006
SjangerAction-eventyrspel
SpelemodusEnkeltspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI: 18+
ESRB: M
Nettstadhttp://www.saintsrow.com/
Del av serien Saints Row⠀
Saint's Row 2→

Spelet går føre seg i Stilwater, ein fiktiv by basert på mellom anna Detroit and Chicago, og byrjar med at hovudpersonen vert fanga midt i ein strid mellom tre rivaliserande bandar. Han vert redda av Julius Little og Troy Bradshaw, som fører 3rd Street Saints, ein bande som har til hovudmål å gjere ende på bandestriden som har prega gatene i Stilwater. Hovudpersonen takkar ja til ein posisjon i banden, og handlinga fylgjer han medan han hjelper Saints med å knekke dei andre bandane og få full kontroll over byen.

Saints Row er sett saman av element frå køyrespel og tredjepersons skytespel, og har ein speloppbygnad med ei open verd som gjev spelaren større kontroll over spelopplevinga. Spelet har ei mengd landbaserte våpen og køyretøy, og eit system som let ein tilpasse utsjånaden på hovudpersonen og køyretøya hans. Saints Row har også modi for fleirspel og eit nettbasert bandesystem.

Kjelder endre

  1. Kris Graft (18. juni 2008). «THQ: Saints Row 2 "Very Different" from GTA IV». Next-Gen.biz. Arkivert frå originalen 15. august 2011. Henta 20. juni 2008.