Saja er ei elv nord i Spania som renn gjennom den autonome regionen Cantabria og ut i Biscayabukta. Delar av elva renn gjennom Saja-Besaya naturpark.

Saja
elv
Pozo del Amo-reservatet
Land  Spania
Nedslagsfelt 442 km²
Renn gjennom Torrelavega
Lengd 67 km
Middelvassføring 12,1 /s
Kjelde Sierra del Cordel
Munning Biscayabukta
Kart
Saja
43°26′6″ N 4°2′6″ W
Wikimedia Commons: Saja River

Kjelda til Saja ligg 1700 meter over havet og ho renn raskt gjennom ein bratt V-dal dei første kilometrane. Etter landsbyen Fresneda vert dalen vidare og elva dannar ei elveslette.

Sidan delar av elva er verna har ho god vasskvalitet frå kjelda til Santa Lucía-brua. Frå her er vernet dårlegare og vasskvaliteten vert gradvis dårlegare. Nedanfor Besaya er ho mykje forureina.[1].

Kjelder endre

  1. Vasskvaliteten i Saja, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 11. mai 2009