Cantabria er ein provins og autonom region på nordkysten av Spania med Santander som regionshovudstad. Han grensar i aust til regionen Baskarland, i sør til Castilla y León, i vest til fyrstedømet Asturias og i nord til Biscayabukta.

Cantabria
Flagget til Cantabria Våpenet til Cantabria
Flagget til Cantabria Våpenet til Cantabria


Plassering
Plassering av Cantabria
Plassering av Cantabria
Styresmakter
Land Spania
Provinsar 1
Hovudstad Santander
President María José Sáenz de Buruaga
Geografi
Flatevidd 5 321 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

568 091
  106,8 /km²
Koordinatar 43°20′″N 4°00′″WKoordinatar: 43°20′″N 4°00′″W
Annan informasjon
Postnummer S
Nettstad: www.gobcantabria.es

Cantabria er ein del av Grøne Spania, eit område som ligg mellom Biscayabukta og Dei kantabriske fjella. Det vert kalla grønt fordi det har eit vått, moderat kystklima og er sterkt påverka av Atlanterhavet. I løpet av eit år kjem det normalt kring 1200 mm nedbør her og vegetasjonen er derfor frodig.

Cantabria er ein av dei stadane i verda med flest arkeologiske funn frå øvre steinalder. Her finst mellom anna grottemåleri i Altamira datert til år 16 000 til 9000 f.Kr. I lag med ni andre kantabriske grotter er dei ein del av verdsarvlista til UNESCO.

Den moderne provinsen Cantabria vart grunnlagd 28. juli 1778.

Geografi endre

Terreng endre

Cantabria er ein fjellendt kystregion med viktige naturressursar. Regionen er delt inn i kyststrøka og fjellområda.

  • Kysten. Kysten er låg og vid med fleire vide dalar som er opp mot 10 km breie og med høgder under 500 meter. Langs sjølve kysten er det mange klipper, estuar og strender. Santanderbukta er den største bukta på kysten. I sør møter kystområda fjella.
  • Fjella. Dette er ein lang barriere av fjell som går parallelt til kysten og som er ein del av Dei kantabriske fjella. Fjella består hovudsakleg av kalkstein og karst og dekkjer det meste av Cantabria. Her finst djupe dalar som går frå sør til nord. Dei kraftige elvane er korte og renn raskt, og medfører derfor til stor erosjon, så dei er òg bratte. Av dalar i området finn ein Liébana, Saja-Nansa, Besaya, Pas-Pisueña, Miera, Asón-Gándara og Campoo. I fjellområdet finn ein òg Escudo-fjella, ei fjellkjede på 600 til 1000 moh som dekkjer 15 til 20 km parallelt til kysten i den vestlege delen av Cantabria.

I sør ligg høgare fjell og toppane her markerer vasskiljet mellom elvane Ebro, Duero og dei som renn ut i Biscayabukta. Toppane når som regel over 1500 moh frå fjellovergangen San Glorio i vest til Los Tornos i aust: Peña Labra, Castro Valnera og fjellpassa Sejos, El Escudo og La Sía. Det store kalksteinsmassivet Picos de Europa skil seg ut i sørvest med ei høgd på over 2500 moh. Topografien her er forma av tidlegare isbrear.

Klima endre

 
Panorama av Alisas, i kommunen Riotuerto i Cantabria

Nærleiken til Atlanterhavet fører til at Cantrabria og resten av Grøne Spania har eit klima som er mykje meir temperert enn resten av landet. Regionen har eit fuktig kystklima med varme somrar og milde vintrar. Årsnedbøren er normalt rundt 1200 mm på kysten, men er høgare på kystsida av fjella.

Årsmiddeltemperaturen er omkring 14 °C. Det er vanleg med snø i dei høgareliggande områda av Cantrabria frå oktober til mars. Enkelte område av Picos de Europa, på over 2500 moh, har alpint klima med snø året rundt.

Dei tørraste månadane er juli og august, men tørke er ukjend sidan det ofte kjem regn og temperaturane aldri vert særleg høge.

Fjella har ein dominerande effekt på det lokale mikroklimaet i Cantabria. Dei skapar meteorologiske fenomen som den såkalla «suradas» (Ábregovind), ein fønvind. Når vinden kjem frå sør bles er han kraftig og tørr når han kjem ned på kystsida av fjella, og dette medfører temperaturauke nær kysten i tillegg til tørrare luft og lite nedbør. Dette skjer oftast om hausten og vinteren, og temperaturane kan då ofte nå over 20 °C.

Historie endre

Romarriket endre

Dei første skriftlege kjeldene som nemner Cantabria finst frå 195 f.Kr. av historikaren Cato den eldre. Han talar om kjelda til elva Ebro, som ligg i landet Cantabri. Frå den tid vert Cantabris nemnt jamt og trutt. Soldatar frå Cantabri vart nytta som leigesoldatar og ein veit sikkert at dei var med i den andre punarkrigenkartagenarane si side mot romarane.

 
Cantabria under dei kantabriske krigane. Dette kartet syner grensene til Kantabria relativt til det moderne Cantabria, samt dei forskjellige folka som var busett her.

Dei påfølgjande periodane vert Cantabria stort sett nemnt i samband med dei kantabriske krigane mot Roma, som starta i år 29 e.Kr.. Området vart den gong langt større enn dagens Cantabria og grensa i vest til elva Sella (i dagens Asturias), i sør heilt til åsfortet Peña Amaya, i dagens Burgos og i aust nesten til Castro Urdiales, nær Rio Aguera.

Mellomalderen endre

Etter Romarriket kollapsa klarte Cantabria og halde sjølvstendet sitt frå vestgotarane. I 574 gjekk kong Liuvigild til åtak på Cantabria og erobra dei sørlege områda av landet, inkludert byen Amaya, der han oppretta den vestgotiske provinsen hertugdømet Cantabria. I områda nord for dette levde folket i Cantabria sjølvstendig fram til den arabiske invasjonen.

I 714 invaderte dei muslimske maurarane dei øvre dalane av Ebro og klarte å ta Amaya, den kantabriske hovudstaden. Cantabria vart då ein del av kongedømet Asturias.

I dei første krønikene om Reconquista vert Cantabria framleis omtalt som ein region, då som hertugdømet Cantabria.

 
Grensene til hertugdømet Cantabria

Brorskapet dei fire byane (Santander, Laredo, Castro Urdiales og San Vicente de la Barquera), samt brorskapet av myrlandet vart oppretta og samla alle dei viktige hamnene aust for Asturias. I perioden under Reconquista tok folket frå Dei fire byane aktiv del i nykoloniseringa av Andalucía og hamnebyane Cádiz og El Puerto de Santa María vart folkesett av familiar frå hamnebyane ved Biscayabukta. Skip frå Dei fire byane tok òg del i erobringa av Sevilla.

1500- til 1700-talet endre

På 1500-talet var La Montaña (Fjellet) eit mykje nytta namn på det gamle Cantabria, for å skilje det frå Castilla, som bestod av det sentrale platået i Spania. Denne inndelinga finst framleis i dag. Brorskapa i regionen forsvann og tre mektige familiar tok over styringa. Frå 1500-talet og utetter starta ei gryande interesse for dei gamle grensene til Cantabria. Det var først på 1700-talet at plasseringa vart stadfesta. I samband med denne prosessen fekk mange institusjonar, organisasjonar og embetsområde i fjellområdet «kantabrisk» som ein del av namnet sitt.

1800-talet endre

 
Ein statue i Santander reist til ære for den kantabriske artillerikapteinen Pedro Velarde y Santillán, helt i den spanske sjølvstendekrigen, som døydde 2. mai 1808 under opprøret mot den franske okkupasjonen av Madrid.

Under den spanske sjølvstendekrigen (1808–1814) utropte biskop Menéndez de Luarca seg sjølv som «regent i Cantabria» og oppretta den kantabriske krigsmakta i Santander, ein arme som skulle dra til alle fjelloverganane frå det sentrale platået og ta alle franske troppar som skulle vere der. Dei vart slått, men biskopen reorganiserte troppane i Liébana under kommandoen til general Juan Díaz Porlier. Dei vart kalla «den kantabriske divisjonen».

1900-talet endre

Cantabria prøvde å oppretthalde eit sjølvstyre òg på 1900-talet og produserte ei eiga lov for sjølvstyre i 1936, men ho vart aldri vedteke på grunn av den spanske borgarkrigen. Under Franco-regimet vart ikkje namnet Cantabria nytta i det heile, bortsett frå i samband med idrett. Regionen fekk i staden namnet provinsen Santander. I 1963 vart det lagt fram forslag om å endre namnet attende til Cantabria, men dette vart ikkje godteke.

Først i 1981 fekk regionen tilbake det opphavlege namnet sitt, og som med resten av regionane i Spania fekk Cantabria sjølvstyre.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Cantabria» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2009.
  • Echegaray González, J. (1993). Los cántabros. Santander: Estvdio, 1993. ISBN 84-87934-23-4.
  • VV.AA.:Guía de la naturaleza de Cantabria. Santander: Estvdio, 1993. ISBN 84-87934-21-8
  • VV.AA.: Gran Enciclopedia de Cantabria. Santander: Cantabria, 1985 (8 tomos) y 2002 (tomos 9, 10 y 11). ISBN 84-86420-00-8
  • VV.AA.: Cantabria 1898-1998. Un siglo de imágenes. Santander: Caja Cantabria, 1999.