Salar de Uyuni er verdas største saltørken med ei overflate på 10 582[1] kvadratkilometer. Han ligg i departementet Potosí på 3650 moh. sørvest i Bolivia, og er ein del av høgsletta Altiplano.

Salar de Uyuni, foto av Lion Hirth

På slutten den geologiske epoken pleistocen, var Salar de Uyuni ein del av ein stor innsjø, Ballivián. I dag inneheld den uttørka innsjøen natriumklorid i krystallinsk tilstand, steinsalt, og det mjuke mineralet gips. Det vert årleg tatt ut mindre enn 25 000 tonn salt frå saltørkenen. Reservane kan vere på 10 milliardar tonn.

I regntida kan overflata i somme område vere dekt av vatn, opp til fleire desimeter djupt. Men frå slutten av juni til starten på regntida i starten av desember er sjøen tørr. Køyretøy kan då ferdast på Salar de Uyuni, med unnatak frå sølete strandsoner, og individuelle vassøyer.

Under salpeterkrigen var byen Uyuni ein garnisonby, i dag eit startpunkt for turistturar i området. Den mest kjente øya på Salar de Uyuni er Incahuasi ca 80 kilometer frå Uyuni.

Salar de Uyuni er eit viktig habitat og hekkeområde for alle tre artar flamingo i Sør-Amerika: chilensk flamingo, andesflamingo og punaflamingo.

Kjelder

endre
  • Tilsvarande artiklar på engelsk og tysk Wikipedia
Referanser
  1. Encyclopædia Britannica - Uyuni Salt Flat.