Salland er ein historisk region vest og nord i Nederland. Regionen ligg i provinsen Overijssel og er truleg kalla opp etter saliske frankarar, som ein meiner kom frå dette området.

Plasseringa til Salland

Historie endre

Salland går tilbake til tidleg i mellomalderen då fire delar av Oversticht (Salland, Twente, Land van Vollenhove og Drenthe) vart ein del av erkebispedømet Utrecht. Då erkebiskopen selde områda sine til Karl V av Det tysk-romerske riket vart Salland ein del av den nye provinsen Overijssel, som igjen vart ein av dei sju provinsane i Dei sameinte Nederlanda i 1581.

Geografi endre

Salland grenser i vest til provinsen Gelderland og elva IJssel, i nord til Meppelerdiep og Drenthe, i aust til Tyskland (Niedersachsen) og regionen Twente og i sør til regionen Achterhoek i Gelderland, på andre sida av Schipbeek.

Kjelder endre