Karl V av Det tysk-romerske riket

Karl (24. februar 150021. september 1558) fødd i Gent i dagens Belgia og døydde i Yuste i Extremadura i Spania. Karl var keisar av Det tysk-romerske riket som Karl V i åra 1519–1558; han var òg konge av Spania 1516–1556.

Karl V av Det tysk-romerske riket
Titian - Portrait of Charles V Seated - WGA22964.jpg
Fødd24. februar 1500
Gent
Død21. september 1558
San Geronimo de Yuste
Tittelmonarch of the Crown of Aragon, monark av Kastilien og Leon, tysk-romersk keisar, Lord of the Netherlands, King of Sardinia
Alle titlarLord of the Netherlands, Rey de las Españas, King of Aragon, King of Castile, King of Navarre, konge av Napoli, King of Sicily, Archduke of Austria, Konge av romarane, tysk-romersk keisar, Hertug av Brabant, count of Burgundy, Lord of Biscay, Lord of Molina, greve av Barcelona, King of León, King of Galicia, king of Granada, konge av Jerusalem, King of Sardinia, King of the East and West Indies and of the Islands and Mainland of the Ocean Sea
Hus eller slektHouse of Habsburg (Spain), Habsburg
GravstadCripta Real del Monasterio de El Escorial
LandDet tysk-romerske riket
MorJohanna av Castilla
FarFilip I av Castilla
EktefelleIsabella av Portugal
SambuarJohanna Maria van der Gheynst, Barbara Blomberg
BarnFilip II av Spania, Maria av Østerrike, Infante Fernando of Austria, Johanna av Østerrike, Isabel of Castile, Margareta av Parma, Tadea of Austria, Don Juan de Austria
Keisar Karl V. (Portrett måla av Christoph Amberger, kring 1532)

FamilieEndra

Karl var son av Filipp I og Johanna av Castilla. Han var barnebarn av Ferdinand II av Aragon og Isabella I av Castilla og av keisar Maximilian og hertuginne Maria av Burgund. Såleis høyrde til han fyrstehuset Habsburg.

KeisartidEndra

Karl V var den siste tysk-romerske keisaren som vart krona av paven.

Han er òg kjend som den som var keisar då Martin Luther praktiserte si forkynning, og han kalla Luther inn til eit møte der Luther vart lyst i bann av katolikkane. Keisaren heldt fast ved sin religion, og han ynskte i utgangspunktet å kjempa for katolisismen i samband med reformasjonen. Seinare godtok keisaren ei avtale mellom katolikkar og protestantar.

Karl V førte krig mot det osmanske riket, som utgjorde eit trugsmål mot Italia, Austerrike og kysten av Spania. Erkefienden, Frans I (François premier), kongen av Frankrike, allierte seg derimot med osmanarane for å svekka makta til Karl.

NamnEndra

Som spansk konge var han eigentleg Carlos I, Karl I av Spania, men vert ofte omtala som Karl V (Carlos Quinto eller Carlos V) i Spania og Latinamerika. Andre namnevariantar er Charles V og Karel V.

YmseEndra

Karl V vart fødd i Flandern, og må dermed ha lært seg fransk og nederlandsk på eit tidleg tidspunkt. Då han kom til Spania, lærde han fort å tala godt kastiljansk spansk. Han skal visstnok ha sagt «Eg talar spansk med Gud, fransk med menn, italiensk med damer og tysk med hesten min».

Sidan han òg herska over spanske koloniar i Latin-Amerika og på Filippinane, skal han òg ha sagt «I mitt rike går sola aldri ned».