Saltstraumbrua er ei fritt frambygg-bru som kryssar Saltstraumen mellom Knaplundøya og Straumøya i Bodø kommune i Nordland. Brua er 768 meter lang, lengste spenn er 160 meter og seglingshøgda er 41 meter. Brua har ti spenn. Ho vart opna 1978 og er ein del av Fylkesveg 17.

Saltstraumbrua
Saltstraumen quiet.JPG

Saltstraumen med Saltstraumbrua og Børvasstindan i bakgrunnen

Kryssar Saltstraumen
Stad Bodø kommune
Posisjon 67°13′50″N 14°36′34″EKoordinatar: 67°13′50″N 14°36′34″E
Lengste spenn 160 m.
Total lengd 768 m.
Seglingshøgd 41 m.
Opna 1978

Brua er teikna av landskapsarkitekt Hindhamar Sundt Thomassen A/S og Ing. A. Aas-Jakobsen A/S. Bygget og arkitektane vart heidra med Betongtavlen i 1985.[1]

Riksantikvaren freda brua 17. april 2008.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Denne artikkelen byggjer på «Saltstraumen bru» henta frå Wikipedia på bokmål 12. mars 2008.