Salve Salvesen
Salve Andreas Salvesen (23. september 1909–26. desember 1975) var ein norsk organisasjons- og stortingsmann frå Kristiansand. Han møtte på Stortinget frå Vest-Agder og for Arbeidarpartiet i tida 1958-73.
Salve Salvesen | |||
Fødd | 23. september 1909 | ||
---|---|---|---|
Død | 26. desember 1975 (66 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Salvesen var son til ein fabrikkarbeidar. Etter middelskule 1922-25, gjekk han teknisk kveldsskule 1927-29. Han var kasserar i Sørlandets faglege samorganisasjon frå 1933 og sekretær i organisasjonen frå 1936. Frå 1957 var han sekretær og 1960 leiar av Landsorganisasjonen sitt distriktskontor for Sørlandet.
Gjennom 30 år, 1934-63, var Salvesen medlem i Kristiansand bystyre, varaordførar 1945-47. I denne tida var han styremedlem 1940-54 og formann 1954-65 i Kristiansand elektrisitetsverk.
I 1949 vart Salvesen vald inn landsstyret til Det norske Arbeiderparti og til medlem i representantskapet i Landsorganisasjonen. Dei to verva hadde han til høvesvis 1952 og 1956. Stortingsperiodane 1958-61 og 1961-65 møtte han fast på Stortinget som vararepresentant frå Vest-Agder i staden for statsråd Jens Haugland, bortsett frå fem veker i august/september 1963. Sidan representerte han fylket og Arbeidarpartiet som fast representant frå 1965 til 1973. På Stortinget var Salvesen medlem i Sosialkomiteen 1958-61, Finans- og tollkomiteen 1961-65 og formann i Administrasjonskomiteen 1965-73. Den siste valbolken, 1969-73, var han elles varapresident i Odelstinget; fungerande odelstingspresident i to månader hausten 1970.