Opna hovudmenyen

Jens Haugland

norsk advokat og politikar

Jens Haugland (fødd 16. april 1910 fødd i Bjelland i Vest-Agder, død 2. mai 1991) var ein norsk jurist og politikar som representerte Arbeidarpartiet. Han var innvald stortingsrepresentant for Vest-Agder i fem periodar frå 1954 til 1973, han var justisminister frå 1955 til 1963 og kommunalminister frå 1963 til 1965.

Jens Haugland
Fødd16. april 1910
Død2. mai 1991
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, advokat, dagbokskrivar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

KarriereEndra

Haugland blei utdanna jurist i 1936. Han var sakførar i Kristiansand frå 1943, høgsterettsadvokat frå 1951. Han var legasjonssekretær i Stockholm i siste del av den andre verdskrigen. Frå 1968 var han sorenskrivar i Setesdal sorenskrivarembete, fram til 1980. Frå 1973 dreiv han farsgarden på Bjelland, og etter at han vart pensjonist i 1980 arbeidde han også som advokat til han døydde.

Dagbokskriving og politiske meiningarEndra

Størst oppsikt vekte Haugland med memoarboka Dagbok frå Kongens Råd i 1986, der han offentleggjorde private dagboksnotat frå tida som statsråd, og blant anna avslørte at rykte om kong Olav V sitt privatliv var teke opp på regjeringsnivå.

Haugland ønskte å modernisere grunnloven til eit meir moderne norsk, men nådde ikkje fram med dette. Han var også talsmann for ei meir rettferdig valordning med utjamningsmandat. Dette blei innført i 1989, 16 år etter at Haugland hadde forlate Stortinget. Han var også talsmann for ei samanslåing av dei to Agder-fylka. Haugland var imot norsk medlemskap i EF. Han engasjerte seg i kampen mot militærjuntaen i Hellas, og var formann i den norske Hellas-komiteen 1968-1970.

BibliografiEndra

  • 1970: Juntaen ut av NATO, Oslo, Det norske samlaget
  • 1986: Dagbok frå Kongens råd, Oslo, Det norske samlaget, isbn=82-521-2639-1
  • 1988: Dagbok frå Løvebakken, Oslo, Det norske samlaget, isbn=82-521-3082-8
  • 1989: saman med Alf Nordhus: Bølgjer i retten: frå jussens muntre bakgard, Oslo, Det norske samlaget

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra