Samanlikning av jødedommen og kristendommen

Jødedommen og kristendommen er to abrahamittiske religionar med mange likskaper, men òg skilnader, innan både teologi og utøving.

Jerusalem er eit svært viktig symbol i både jødisk og kristen tradisjon.

Kristendommen skilde seg ut frå jødedommen i hundreåret etter at Herodes den store døydde. Den nye religionen tok med seg heilage skrifter, grunnleggjande læresetningar som monoteisme, trua på ein frelsande messias, og tilbedingsrituale, med mellom anna eit presteskap, trua på heilage stader og heilage tider og bruk av lovsong i felles bøn. På den andre sida la kristendommen vekk andre grunnleggjande jødiske skikkar, som kasjrút (matreglane) og berít milá (mannleg omskjering), i tillegg til den grunnleggjande skilnaden der kristne meiner Jesus var messias medan han i følgje jødedommen var ein ganske vanleg mann.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.