Samaraelva i Russland

For den ukrainske elva med same namn sjå Samaraelva i Ukraina.

Samara (russisk Сама́ра) er ei elv i Orenburg og Samara oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 594 km lang og har eit nedslagsfelt på 46 500 km². Elva har ei middelvassføring på 50 m³/s.

Samara
elv
South bridge Samara.JPG
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 46 500 km²
Lengd 594 km
Middelvassføring 50 /s
Kjelde Obsjtsjij Syrt
Munning Volga

Samaraelva i Russland
52°3′25″ N 54°34′0″ E
Wikimedia Commons: Samara River

Elva har utspring på nordsida av Obsjtsjij Syrt-høgdene, og munnar ut i Volga ved byen Samara.

Dei største sideelvane er Bolsjoj Kinel, Borovka og Buzuluk.

KjelderEndra