Samarasvingen
Samarasvingen (russisk Самарская Лука, Samarskaja Luka) er ein stor, omvendt C-forma sving i Volga der ho mottar elva Samara. Svingen ligg i Samara oblast i Russland.
Samaradalen er den lettaste vegen til Uraldalen og har gjennom historia vore ein stad der europeiske og sentralasiatiske kulturar har møttest. Det er òg ei klassisk invasjonsrute. Det som i dag er byen Samara vart grunnlagd i 1586 som ein forsvarsutpost.
Fleire gamle kulturar har halde til her.
- Khvalynsk-kulturen, om lag 4900–3500 f.Kr.
- Samarakulturen, om lag 4000–3000 f.Kr.
- Poltavkakulturen, om lag 2700–2100 f.Kr.
- Potapovkakulturen, om lag 2500–2000 f.Kr.
- Abasjevokulturen, om lag 1600–1500 f.Kr.