Samia Suluhu

president i Tanzania

Samia Hassan Suluhu (fødd 27. januar 1960) er ein tanzaniansk politikar og presidenten i Tanzania sidan 2021. Suluhu høyrer til partiet Chama cha Mapinduzi (CCM). Ho vart visepresident i Tanzania i 2015, under president John Magufuli. Etter at Magufuli døydde 17. mars 2021 vart ho president etter han som den første kvinnelege presidenten i Tanzania

Samia Hassan Suluhu

Fødd27. januar 1960 (64 år)
Makunduchi
Statsborgar avTanzania
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedUniversity of Manchester
Southern New Hampshire University
Mzumbe University
The Open University of Tanzania
Lumumba Secondary School
VervPresident i Tanzania 19. mars 2021–
FøregangarJohn Magufuli
VervVisepresident i Tanzania 5. november 2015–19. mars 2021
FøregangarMoham Gharib Bilal
Alle verv
  • Tanzanias president (2021–) Sjå dette på Wikidata

Før ho vart visepresident var Suluhu representant for Makunduchi i Den tanzanianske nasjonalforsamlinga frå 2010 til 2015. Før dette igjen var ho medlem i Den zanzibarske regjeringa frå 2000 til 2010 under president Amani Abeid Karume.

Karriere endre

Suluhu byrja å arbeide som funksjonær i Planleggings- og utviklingsdirektoratet etter å ha fullført vidaregåande utdanning i 1977. I 1986 fullførte ho utdanning innan offentleg administrasjon ved Institute of Development Management (dagens Mzumbe universitet).[1] Etter dette arbeidde ho i eit prosjekt finansiert av Verdas matvareprogram. Mellom 1992 og 1994 tok ho økonomiutdanning ved University of Manchester.[2] I 2005 tok ho ein master i Community Economic Development i eit samarbeidsprogram mellom Open University of Tanzania og Southern New Hampshire University.[1]

Ho gjekk inn i politikken i 2000. Ho vart vald til eit spesialsete i Den zanzibarske nasjonalforsamlinga, og vart utnemnd til minister av president Karume. Ho vart vald igjen i 2005 og utnemnd til minister i eit anna departement.[2]

I 2010 vart ho vald til Den tanzanianske nasjonalforsamlinga frå valdistriktet Makunduchi, og vann med over 80 % av røystene. President Jakaya Kikwete utnemnde ho til Minister of State for Union Affairs. I 2015 vart ho oppnemnt til visepresidentkandidat av John Magufuli, og vart sett inn som visepresident 5. november 2015 etter at dei vann valet.

17. mars 2021 kunngjorde Suluhu at president Magufuli var død etter ein lengre sjukdom. Presidenten hadde ikkje vore sett offentleg sidan seint i februar. Ho blei teken i eid som etterfølgjaren hans den 19. mars, 2021, og skal tena ut resten av Magufuli sin femårige presidentperiode.[3] Suluhu vart med dette den første kvinnelege presidenten i Tanzania.[4] Ho er også den første frå Zanzibar i denne stillinga.[5]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Member of Parliament CV» (på engelsk). Den tanzanianske nasjonalforsamlinga. Arkivert frå originalen 13. juli 2015. Henta 29. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 Alvar Mwakyusa (18. september 2014). «Tanzania: Samia Suluhu Hassan - a Tough Journey From Activism to Politics» (på engelsk). AllAfrica. Henta 29. mars 2017. 
  3. Ebby Shaban; Bethlehem Feleke (19. mars 2021). «Tanzania swears in Samia Suluhu Hassan as first female president». CNN. 
  4. «Tanzania's Samia Suluhu takes presidential oath». Business Daily. 19. mars 2021. 
  5. Kiruga, Morris (18. mars 2021). «Tanzania: The legacy of Magufuli and the beginning for Suluhu». The Africa Report.com. Henta 19. mars 2021.