Opna hovudmenyen

Samisk parlamentarisk råd er eit samarbeidsorgan for sametinga i Noreg, Sverige og Finland. Det vart oppretta 2. mars 2000. Den norske sametingspresidenten Sven-Roald Nystø vart vald til den første presidenten for rådet, og presidentskapet for rådet går på omgang sametinga mellom.

Den viktigaste saka for rådet har vore det fellesssamiske språkarbeidet, rådet har ansvaret for den felles samiske språknemda. Andre saker rådet arbeider med er Barentssamarbeidet, Arktisk Råd, Interreg og arbeidet med urfolksspørsmål i FN.