Sametingspresident

president for Sametinget i Noreg

Sametingspresidenten er den øvste politiske leiaren i det norske sametinget og den høgste tillitsvalde blant samane i Noreg.

Vibeke Larsen (Ap) har vore sametingspresident sidan 2016.
Foto: Kenneth Hætta/Sametinget
Sven-Roald Nystø, Aili Keskitalo og Ole Henrik Magga, tre tidligare sametingspresidentar frå Norske Samers Riksforbund.

Val av sametingspresidentEndra

Sametinget baserer verksemda si på parlamentarisme, og sametingspresidenten verd vald ved fleirtalsval i plenum i Sametinget. Deretter peiker sametingspresidenten ut fire medlemmer til Sametingsrådet blant representantane i Sametinget.

Sametingspresidenten og dei andre medlemmene i Sametingsrådet trer ut av plenum og vert erstatta av varaane sine så lenge dei sit i Sametingsrådet. Medlemmene i Sametingsrådet deltar difor ikkje i komitéane i Sametinget eller på vis i den politiske behandlinga av saker i Sametinget.

Makta til sametingspresidentenEndra

Makta og myndigheita til sametingspresidenten vert avleia av at presidenten er den øvste formelle leiaren for Sametinget, og den formelle makta til presidenten er definert indirekte av samelova og direkte av arbeidsordenen til Sametinget. Mykje av den formelle og uformelle makta til Sametinget er framleis under utarbeiding. Noko av makta til presidenten er eit resultat av etablert praksis sidan opninga av det første Sametinget i 1989.

Myndigheita til Sametinget omfattar mellom anna daglig styring av Sametingsrådet og administrasjonen til Sametinget.

SametingspresidentarEndra

For meir om dette emnet, sjå Sametingspresidentar.

Sjå ògEndra