Sven-Roald Nystø
samisk politikar
Sven-Roald Nystø (fødd 30. september 1956) er ein lulesamisk politikar frå Hellemobotn i Tysfjord. Han er utdanna cand.polit frå Universitetet i Tromsø.
Sven-Roald Nystø | |
![]() | |
Fødd | 30. september 1956 (66 år) Tysfjord |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Norske Samers Riksforbund |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet |
Verv | Sametingspresident 1997–2005 |
Føregangar | Ole Henrik Magga |
Etterfylgjar | Aili Keskitalo |
Alle verv |
|
Nystø var president for det norske Sametinget i to periodar, frå 1997 til 2005, for Norske Samers Riksforbund.
Før han vart sametingspresident var han visepresident under Ole Henrik Magga. Han sat og i Samerettsutvalet, og han var leiar for Urfolksutvalet i Barentssamarbeidet.