Samisk punktskrift

Samisk punktskrift er punktskrift tilpassa dei samiske alfabeta. Ho vart laga av Otto Prytz på starten av 1980-talet og godkjend av Samisk språknemnd i 1994.

Samisk punktskrift
Aa Áá Bb Cc Čč Dd Đđ Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll
Mm Nn Ŋŋ Oo Pp Rr Ss Šš Tt Ŧŧ Uu Vv Zz Žž Ïï

Tabellen ovafor[1] er, med unntak for den siste bokstaven, bokstavane for nordsamisk. Sørsamisk bruker det norske alfabetet pluss bokstaven ï. med punktteikn ""[2]. Lulesamisk bruker det norske alfabetet pluss bokstavane á og ŋ, med punktteikn som for nordsamisk i tabellen over.

Det er usikkert om den same tabellen er i bruk på svensk side. For skoltesamisk og enaresamisk vil det i alle tilfelle vere bruk for å representere fleire bokstavar.

Referansar endre

  1. Tabellen er henta frå Statped 2020: Samisk punktskrift Arkivert 2020-10-23 ved Wayback Machine.
  2. «Samisk punktskrift», www.statped.no (på norsk bokmål), henta 18. april 2023