Samnangervassdraget
Samanangervassdraget har eit nedbørsområde som omfattar den austlege delen av Samnanger og mindre delar av Vaksdal og Kvam. I nord grensar Samnangervassdraget mot Bergsdalsvassdraget, i aust grensar det mot Øystesevassdraget og Steinsdalsvassdraget. I vest grensar det mot fleire mindre vassdrag mellom anna Vaksdalsvassdraget og Aldalselvvassdraget.
Frølandselva (Eikedalselva), som er den eine hovuddelen av Samnangervassdraget, er varig verna mot kraftutbygging gjennom verneplan III i 1986. Denne elva har fleire større sideelvar og kjem ned i Frølandsvatnet (27 moh) frå Eikedalsvatnet (384 moh).
Frølandsvatnet renn ut i Tysseelva, som munnar ut i Samnangerfjorden.
Storelva, den andre hovuddelen av vassdraget, er den største av elvane, og har i dag (2010), medrekna sideelvane, seks regulerte vatn. Desse er:
- Øvsta Dukavatnet (823,2 moh - 804,5 moh)
- Nedsta Dukavatnet (799,2 moh – 778,4 moh)
- Svartavatnet (625,9 moh - 580,9 moh)
- Kvitingsvatnet (368,4 moh – 334,1 moh)
- Grønsdalsvatnet ( 189 moh – 188 moh)
- Fiskevatnet (178,3 moh – 172,7 moh)
Uregulerte vatn som også munnar ut i Storelva:
- Kvanndalsvatnet 419 moh
- Søyevatnet 747 moh
- Herfangsvatnet 681 moh
- Flatavatn 720 moh
Nedslagsfeltet totalt er kring 241 km², av dette er kring halvparten utnytta til kraftproduksjon.
Kraftverk | Slukeevne m³/s | Effekt MW | Fallhøgd m | Middelproduksjon GWh |
---|---|---|---|---|
Kvittingen kraftverk | 20 | 42 | 251 | 160 |
Grønsdal kraftverk | 22 | 36 | 165 | 138 |
Myra kraftverk | 20 | 3,7 | 20 | 10 |
Frøland kraftverk | 20 | 21 | 151 | 138 |
Tysse kraftverk | 12 | 20 | 19 |