Samtidsmuseet for nordlige folk

Samtidsmuseet for nordlege folk (nordsamisk Davvi álbmogiid dálážiid musea) er eit museum i Manndalen i Gáivuotna/Kåfjord kommune. Det blei offisielt opna 21. juli 2011 av kulturminister Anniken Huitfeldt. Museet heldt ope frå mars 2011 med kunstutstillinga Gierdu. Samtidsmuseet for nordlige folk held til på Senter for nordlige folk i Kåfjord. Museet dokumenterer og kommuniserer dei kulturelle uttrykka til nordlege folk og regional samisk kultur og historie. Uttrykka til nordlege folk blir kommuniserte i form av mellombelse kunst og tema-utstillingar, medan regional samisk kultur og historie blir kommunisert i ei basisutstilling (fast utstilling). Lisa Vangen skreiv med Marit Reiersen som fagleg rådgivar grunnboka til den faste utstillinga som opna samtidig med opninga av museet 21. juli 2011. Utstillinga blei sett saman av kuratoren Irina Haugane, som seinare blei avdelingsleiar for museet.

Samtidsmuseet for nordlige folk
StadKåfjord kommune
Skipa21. juli 2011
Kart
Samtidsmuseet for nordlige folk
69°31′32″N 20°31′46″E / 69.5255°N 20.5294°E / 69.5255; 20.5294

Samtidsmuseet for nordlige folk er ei underavdeling av Senter for nordlige folk. Senteret blir drive med mellom anna driftstilskot frå Sametinget og Troms fylkeskommune. Det husar òg Riddu Riđđu-festivalen, Samisk språksenter, Samisk bibliotekteneste og lokalkontor for NRK Sameradio, Sametinget og Nord-Troms museum. Henrik Olsen (tidlegare produsent for Riddu Riđđu) har permisjon Avdelingsleiar for Samtidsmuseet er Kjellaug Isaksen. Museet har ein internasjonal profil og opererer med tre namn: Samtidsmuseet for nordlige folk, Davvi álbmogiid dálážiid musea (nordsamisk) og Museum for Northern Peoples (engelsk).

Museet er med i Samisk museumsnettverk og Samisk museumslag.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre