Samuel Colman (4. mars 183226. mars 1920) var ein amerikansk målar. Han er særleg kjend for bilete av på Hudsonelva.

Samuel Colman

Statsborgarskap USA
Fødd 4. mars 1832
Portland i Maine
Død

26. mars 1920 (88 år)
New York by

Yrke kunstmålar, skribent, grafikar
Sjanger landskapsmåleri
Samuel Colman på Commons

Colman var fødd i Portland i Maine, men familien flytta etterkvart til New York by. Allereie i barndommen byrja han teikna etter naturen, ved hamna i New York og på Hudsonelva, og ein trur han fekk opplæring ei tid av Asher Brown Durand frå kunstrørsla Hudson River School. Han stilte ut for fyrste gong ved National Academy of Design i 1850. I 1854 hadde han opna sitt eige galleri i New York. Året etter blei han vald til associate member i National Academy, og i 1862 blei han fullverdig medlem.

Colman reiste etterkvart til Europa og studerte kunst i Frankrike, Spania, Italia og Sveits. Han var med på å stifta det amerikanske akvarellselskapet, American Watercolor Society,[1] som han var president for frå byrjinga i 1866 til 1871.

På 1860-talet budde Colman i Irvington i New York, der han utførte fleire måleri av landsbygda kring staden.[2] Louis Comfort Tiffany, oppfinnaren av Tiffany-glas, var student av Colman medan han budde der.[3]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. Erin Corley (2007). «American Watercolor Society records, 1867–1977, bulk 1950–1970». Archives of American Art Oral History Program. Henta June 17, 2011. 
  2. "Hudson River from Irvington" Googe Arts & Culture
  3. Baal-Teshuva, Jacob. Louis Comfort Tiffany. Taschen. s. 12–14.