Opna hovudmenyen

Samuel Eto'o

kamerunsk fotballspelar

Samuel Eto'o (fødd 10. mars 1981 i Nkon) er ein kamerunsk fotballspelar som hausten 2011 spelar i angrep for Anzji Makhatsjkala i den russiske fotballigaen, og for det kamerunske landslaget.

Samuel Eto'o
Samuel Eto'o - Inter Mailand (1).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Samuel Eto'o Fils
Fødd 10. mars 1981
Fødestad Douala
Høgd 180 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Anzji Makhatsjkala
Nummer 99
Ungdomsklubbar
Kamerun Kadji Sport Academies
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-2000
1997-98
1999
2000
2000-04
2004-09
2009-11
2011-
Spania Real Madrid
Spania Leganés (lån)
Spania Espanyol (lån)
Spania Mallorca (lån)
Spania Mallorca
Spania Barcelona
Italia Inter
Flag of Russia.svg Anzji
3 (0)
28 (3)
0 (0)
13 (6)
120 (48)
145 (108)
67 (33)
4 (3)
Landslag
2000
1996-
Kamerun Kamerun U23
Kamerun Kamerun
6 (1)
103 (50)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 16. juni 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 16. juni 2011

Eto'o spelte i fem sesongar, frå 2004 til 2009 for Barcelona i spansk Primera Division. Han vann tre seriemeisterskap med Barcelona, i 2005, 2006 og 2009, og den europeiske Meisterligaen to gonger, i 2006 og 2009. I 2006 vart han toppskårar i Primera Division. Same året vart han kåra til beste spiss i Meisterligaen. I 2009/10-sesongen, den første sesongen hans i Inter, var han med på å vinna både Serie A og Meisterligaen. Han vart kåra til årets afrikanske fotballspelar tre år på rad, i 2003, 2004 og 2005, og var med på å vinna Afrikameisterskapen med Kamerun i 2000 og 2002. Han er den mestskårande spelaren gjennom tidene for den spanske klubben Mallorca, og for Kamerun sitt landslag.