Samuel Føyn

Norsk kjøpmann og stortingsmann

Samuel Mathiassen Føyn (2. november 178610. august 1854) var ein norsk kjøpmann og gardbrukar, fødd og død på Teie i Nøtterøy i Vestfold.

Samuel Føyn
Fødd 2. november 1786
Teie
Død

9. august 1854 (67 år)
Teie

Yrke politikar, forretningsdrivande

Føyn var son til ein kjøpmann i Tønsberg. Han var sjølv kjøpmann i Tønsberg, samstundes som han dreiv gard i Nøtterøy. Han var stortingsrepresentant frå Tønsberg i 1830, 1842 og i 1848-sesjonen frå 22. mai, då som varamann for Johan Dietrichs. I 1830 var han medlem i Tollkomiteen, komiteen om kjøpstadskatten og sekretær i komiteen om oppgjeret med Danmark. I 1842 var han medlem av Lagtinget og i 1848 gjekk han inn i Protokollkomiteen.

Både i 1839 og 1841 var Føyn viseordførar i Tønsberg. Han var også sjef for borgarvæpninga i byen.

KjelderEndra