Samuel Hoffman
Samuel J. Hoffman (23. juli 1903–6. desember 1967) var ein amerikansk theremin-spelar.
Samuel Hoffman | |||
Fødd | 23. juli 1903 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Manhattan | ||
Død | 6. desember 1967 (64 år) | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | Theremin | ||
Verka som | musikar |
14 år gammal byrja han å spele fiolin som profesjonell musikar i New York City. Under scenenamnet Hal Hope leia han band på nattklubbar. Innan 1936 hadde han byrja å spele theremin og vart kjend for dette.
I 1941 flytta Hoffman til Los Angeles, der han oppretta ei lækjarkontor og hadde lite tid til musikk. Men sidan han var den einaste thermein-spelaren i Local 47 i Musikarunionen, vart han oppringd i 1945, då komponisten Miklos Rosza ønskte å bruke ein theremin i filmen Spellbound. Hoffman byrja å spele under sitt verkeleg namn, men vart ofte kalla «Doctor».[1] Etter filmen vart ein suksess, vart han spurt om å spele i mange filmar, som The Day the Earth Stood Still (1951). Han var etterspurt for skrekk- og science fiction-filmar til slutten av 1950-åra.
Seint i 1940-åra spelte han inn tre album med bandleiaren Les Baxter. Desse var føregangarar til exotica. Dei påverka òg Sun Ra, som spelte inn ein komposisjon frå Perfume Set to Music på den første plata hans, Jazz by Sun Ra. Ei av dei siste innspelingane til Hoffman vart gjort i 1967 då han spelte på to songar på albumet Safe as Milk av Captain Beefheart and his Magic Band.
Hoffman døydde av eit hjarteinfarkt 6. desember 1967.
Diskografi
endre- Music Out of the Moon (1947)
- Perfume Set to Music (1948)
- Music for Peace of Mind (1949)
Desse albuma er sett saman og ommastra på Waves in the Ether: The Magical World of the Theremin (2004).
Filmar
endre- Spellbound (1945)
- The Lost Weekend (1945)
- The Spiral Staircase (1945)
- The Red House (1947)
- The Pretender (1947)
- Road to Rio (1947)
- Raw Deal (1948)
- Let's Live a Little (1948)
- Impact (1949)
- She Shoulda Said No! (1949)
- Oriental Evil (1950)
- Rocketship X-M (1950)
- Fancy Pants (1950)
- Let's Dance (1950)
- The Thing from Another World (1951)
- The Day the Earth Stood Still (1951)
- Phantom from Space (1953)
- It Came from Outer Space (1953)
- The 5,000 Fingers of Dr. T. (1953)
- Project Moon Base (1953)
- The Mad Magician (1954)
- Day the World Ended (1955)
- Please Murder Me (1956)
- The Ten Commandments (1956)
- Our Mr. Sun (1956)
- Voodoo Island (1957)
- The Delicate Delinquent (1957)
- Earth vs. the Spider (1958)
- Billy the Kid versus Dracula (1966)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Samuel Hoffman» frå Wikipedia på engelsk, den 24. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Samuel Hoffman ved The Internet Movie Database (IMDb)